Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Tokke

Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

  • Museumsvegen 9, Tokke
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview

Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den store utbygginga av vassdraga i Tokke og Vinje som varte frå 1956 til 1985.

Utgangspunktet for visingssenteret på museet i Eidsborg er ei utstilling om utbygginga av vassdraga i Vinje og Tokke som vart vist i høve 50-årsjubileet i 2006. Denne gigantiske kraftutbygginga tok på mange vis Vest-Telemark inn i den moderne velferdsutviklinga.

I det nye museumsbygget til Vest-Telemark Museum i Eidsborg som opna 2012, er visingssenteret utvida med ein multimediapresentasjon der Statkraft presenterer si eiga verksemd, vasskrafta sine tekniske føresetnader og andre energikjelder som til dømes vindkraft. Kraftgiganten er i ferd med å verte større utanfor landets grenser enn i Noreg, og to andre slike visingssentre er difor plassert i Wales og i Laholm i Sør-Sverige.

Regionen Vest-Telemark er eit levande døme på korleis velstanden kom med kraftutbygginga. Visingssenteret inneheld fotografi, gjenstandar, mekaniske modellar, film og nettbasert informasjon kring vasskraft.

Senteret er ope i museets opningstid. Inngangspris inngår i museumsbilletten, sjå Vest-Telemark Museum Eidsborg.

 


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad