There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
Scandic Hotels - i alle landets store byer
Radisson Blu - oppdag dine favorittdestinasjoner
Nordic Choice Hotels - et annerledes hotellselskap
Thon Hotels - nytt design og fantastisk frokost
De Historiske Hotel & Spisesteder - unike opplevelser
PURE Hotels - unike øyeblikk
Momondo - finn rimelige flybilletter
AutoEurope - stort utvalg til uslåelige priser
Nettbuss - reis med buss gjennom Norge
Stena Line - ferger til og fra Norge
Hurtigruten - "verdens vakreste sjøreise"
Authentic Scandinavia - spennende reiser i Norge
Up Norway - matcher deg med din drømmereise
Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser
{{title}} {{:price}} - {{!preprice}} Price: {{?}} {{preprice}} {{/}} {{price}} {{:postprice}}{{postprice}}{{/}} {{?:pricing}} - {{pricing}} {{/pricing}}
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den store utbygginga av vassdraga i Tokke og Vinje som varte frå 1956 til 1985.
Utgangspunktet for visingssenteret på museet i Eidsborg er ei utstilling om utbygginga av vassdraga i Vinje og Tokke som vart vist i høve 50-årsjubileet i 2006. Denne gigantiske kraftutbygginga tok på mange vis Vest-Telemark inn i den moderne velferdsutviklinga.
I det nye museumsbygget til Vest-Telemark Museum i Eidsborg som opna 2012, er visingssenteret utvida med ein multimediapresentasjon der Statkraft presenterer si eiga verksemd, vasskrafta sine tekniske føresetnader og andre energikjelder som til dømes vindkraft. Kraftgiganten er i ferd med å verte større utanfor landets grenser enn i Noreg, og to andre slike visingssentre er difor plassert i Wales og i Laholm i Sør-Sverige.
Regionen Vest-Telemark er eit levande døme på korleis velstanden kom med kraftutbygginga. Visingssenteret inneheld fotografi, gjenstandar, mekaniske modellar, film og nettbasert informasjon kring vasskraft.
Senteret er ope i museets opningstid. Inngangspris inngår i museumsbilletten, sjå Vest-Telemark Museum Eidsborg.