Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sognefjorden Luster

Storatjørna - Dulsete

  • Mørkrid - Hyrnavollen, Luster
  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview

Dette er ein fin tur gjennom frodigt landskap i Mørkridsdalen.Turen byr blant anna på fossande elvestryk, stille tjørner og gamle stølsgrender.

På denne ruta finn me både dramatikk og idyllar. Første delen av ruta følgjer Mørkridselva som fossar stri gjennom elvegjelet ovanfor Giljabrua. Dersom elva er lita, kan ein sjå ei jettegryte ute i straumen i det ein passerer bakketoppen ovanfor parkeringsplassen.

Vegen framover Mørkridsdalen har frå gammalt av vore ein svært viktig bufarveg til dei mange stølane i området. Bilvegen hit til Hødnevollen, passerer stødlane Bratten og Dalen, og vidare framover finn me Knivabakkli, Dulsete, Råsane, Liane, (Lange) Dalen, Fossen, Nobbi og Fjellsli. Stølsdrifta tok slutt på 40 og 50 talet, og etter det har området for det meste vore nytta til sauebeite. Meir enn 2000 sauer beita her på det meste. Rovdyrplage og dårlege kjøtprisar har meir enn halvert talet på sauer i dalen.


Ved Storetjødni (-tjørna) skil vegen seg. Her i vegskilet kan ein sjå stølen Råsane høgt oppe i lia. Ruta vår går langs høgre sida av tjørna. Lenger framme finn me tre små tjørner til på rekke. Det er Djupetjødni, Flåtjødni (den grunne) og til slutt Svinetjødni. I dette området bør ein ta god tid til både å studera planteliv, og lytta til fuglesongen. Få stader kan ein høyra slik fuglesong som her.


Dulsete er vårstøl for garden Hauge i Skjolden, og Moen i Mørkridsdalen. Fram til om lag 1960 vart delar av stølen nytta til slåttemark. Dei samla høyet i tre løer, og køyrde det heim til gards om vinteren. Også tømmer frakta dei herifrå til bygda på vinterstid. På andre sida av elva ser ein stølen Knivabakkli, (Mørkridsli, Li).

Parkering: Ta av frå riksveg 55 i Skjolden. Køyr mot Mørkrid. Parker på Hødnevollen, ved enden av vegen 5 km frå Skjolden .

Kart: Mørkridsdalen 1418 II(1:50000), eller Breheimen (1: 100 000)


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Facts

Duration
4 timer
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad