Sagvåg

Stord Lufthamn

Bestill
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • 53 40 37 00

  • Flyplassvegen 344

    Stord, Vestland

    Vis i kart

Stord Lufthamn er den regionale flyplassen i Sunnhordland. Det flyr både rutefly og charterfly til og frå Stord lufthamn.

Fly til Sunnhordland via Stord lufthamn

Skal du reise til Sunnhordland med fly? Stord lufthamn (SRP) er den lokale lufthamna for regionen og ligg på vestsida av Stord, om lag 18 minutt med bil frå Leirvik sentrum. Flyplassen er eit praktisk utgangspunkt for vidare reiser til opplevingar i Sunnhordland.

Direktefly mellom Stord og Oslo

Det danske flyselskapet DAT (Danish Air Transport) opererer den faste flyruta mellom Stord og Oslo lufthamn Gardermoen. Ruta har fleire avgangar kvar veke og gjer det enkelt å reise mellom Austlandet og Sunnhordland – både for korte opphald og lengre feriar.

Enkel start på reisa

Stord lufthamn er ei oversiktleg lufthamn med rask innsjekk og gratis parkering. Reiser du med elbil, finst det moglegheit for å lade bilen medan du er på reise.

Meir informasjon

Du finn oppdaterte rutetider, prisar og praktisk informasjon på www.stordflyet.no.

Har du spørsmål, kan du kontakte Stord lufthamn på telefon 53 40 37 00 eller ta kontakt med reisebyrået ditt.

Kilde: Region Sunnhordland