Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Batalden

Store Batalden

  • Store Batalden, Flora
  • 57743000
  •  /  km From You
Overview
Details

La utsikta ta pusten og nyt utsynet over mylderet av øyar frå den høgste toppen i Flora skjergarden! Med sine 492 m.o.h. er Store Batalden den høgste fjelltoppen på øyane vest for Florø. Her kan du nyte synet av den vakre naturen som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik!

På Store Batalden kan du også besøke den prisbelønte Batalden Havbu med museum, kunstutstilling og overnatting. Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur.

Turen til Store Batalden tek ca 2,5 timar, tur/retur. Løypa er middels krevjande, og burde passe for dei fleste som er vant med å gå i ulendt terreng.

Reise hit
Frå Florø tar ein lokal rutebåt ut til Store Batalden. Sjå www.ruteinfo.net for ruteinformasjon.

Turbeskrivelse:
Tid: 1,5 time opp, 1 time ned.
Høgd: 492 moh.
Lengd: 4 km.

Turen startar frå kaia på Store Batalden. Ein kryssar fjæra og går til venstre ved husa. Det er litt merking og god sti oppover. Ein kjem til eit vatn bak husa, og skal gå på venstre side av det. Første del av turen går i nokså flatt terreng over tidlegare innmark før ein kjem over i eit område med delvis ur og fastare grunn. Her går det ganske bratt til ein er omtrent halvvegs oppe. Derfrå er det litt slakare det siste stykket opp mot toppen. På toppen kan ein nyte den fantastiske utsikta over øyriket utanfor Florø! Returen går tilbake same veg.

Om ein ynskjer ei lettare oppstigning kan ein gå nordover langs austsida av øya frå kaia. Oppstiginga skjer då frå nordaust, og ein går over berg og lungrabbar heile vegen opp. Denne turen tar noko lengre tid enn den andre løypa.

Etter turen til toppen bør ein besøke Batalden Havbu – eit restaurert fiskerimiljø på øya! I husa frå 1800-talet er det både museum og kunstgalleri i tillegg til overnattingsmuligheiter. Her er det gamle autentiske miljøet tatt vare på, og Batalden Havbu har blitt tildelt fleire prisar for si formidling av kulturhistorie.

Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskapar og utstyr, bøker og modellbåtar. På kunstgalleriet blir kunstnarar frå vestlandet ofte inviterte til å stille ut i sommarmånadane, i tillegg til at Gunhild Bjelland som driv galleriet stiller ut eigne måleri.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Ekspert
  • Middels
Landskap
  • Kystområde
  • Fjordområde
  • Innsjøområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Hele året
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Fjord area
Season
All Year
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 38' 16" N / 4° 48' 43" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad