Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Store Ringheim Hotell og Restaurant

  • Mølstervegen 44, Voss
  • 954 06 135
  •  /  km From You
Overview

Store Ringheim Hotell og Restaurant ligg sentralt på Voss, berre 1,2 km frå sentrum på vegen mot Mølstertunet.

Store Ringheim Hotell og Restaurant ligg sentralt på Voss, berre 1,2 km frå sentrum på vegen mot Mølstertunet.

Her finn du ei restaurert løe som no er omgjort til restaurant, pub og selskapslokale. Hotellet består av 15 unike og komforable rom fordelt i det gamle gardshuset og reiskapshuset.

Restaurant:

Løa inneheld ein a la carte restaurant det der det vert servert mat av høg kvalitet basert på lokale råvarer. Menyane varier gjennom året og speiglar sesong/råvaretilgang. 

Restauranten er ope torsdag til søndag frå kl. 16:00 til 21:00 (bar/lounge til 23:00) året rundt og kvar dag i sommarsesongen. 

Ved førehandstinging på ei gruppe på 6 personar eller fleire, så opnar me restauranten og andre dagar. 

Arrangement, selskap, kurs og konferanse:

Store Ringheim hotell & restaurant har 3 salar i ulik storleikar der me held åremålsdagar, dåp, konfirmasjon, brudlaup, bedriftssamlingar, møte, kurs, konferansar, konsert, kulturarrangement osv. Me har eigne selskapsmenyar eller du kan setja saman din eigen festmeny saman med oss. Me held og smalahovelag og jolabord.

Pub:

Puben har eit godt utval mikrobryggja øl frå fleire mikrobryggeri, sider og brennevin frå nabokommunane - og alt det andre ein ventar å finna i ein pub. Den er ope same dagane som restauranten og fram til 23:00 - og lenger om det er mykje folk. 

 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Opening hours

1. jan 2017 – 31. des 2017:
søn 15:00–19:00
tors fre lør 16:00–21:00
See All
Store Ringheim Hotell og Restaurant is approved and tested by Norwegian Foodprints. The food is made from scratch, with the use of Norwegian, local products and displays local knowledge of food and dishes.
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad