Storehogen, Kaupanger



Storehogen eller Storehaugen er kremtoppen av fjellturar på Kaupanger med utsikt til Sogndal, Kaupanger, Hurrungane, Lærdalsfjorden og Bleia.
Storehaugen på 1169 moh - Kremtoppen over Sogndal
Om turen:
Lengde totalt: 12 km
Tid totalt: 3,5 timer
Stigning: 790 meter
Gradering: Raud - Krevende
Turstart, stopp og parkering: Turparkering Storemyri 390 moh., Haukåsen - Kaupanger
Turbeskrivelse:
Frå parkeringen føl den merka stien over myra og vidare på fin turveg bort til stiskille ved Hatleggi. Turen forsetter på mjuk skogssti bratt oppover i vestleg retning, i nydeleg blandingsskog med furu og bjørk, opp til tregrensen ca 100 høgdemeter under Veslehaugen. Utsikten oppover den bratte åskammen blir stadig bedre ned mot Eidsfjorden, Kjørnes og Sogndal. På eit par plassar her, kjennes eit kraftig sug i magen.
Gå forbi eit idyllisk lite fjellvatn, før du er oppe på Veslehaugen 1018 moh., og derfra fortsetter stien på stein og grus, men stien er stadig like tydelig. Frå Veslehaugen er det ein siste bratt kneik og snøfonn, før du er oppe på toppen av Storehaugen 1169 moh.
Toppen er ein rein nytelse i det nydelege været, og med ein makelaus utsikt!
- Utfordrende
Kilde: Visit Sognefjord AS
Storehogen, Kaupanger