Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stranda

Stranda kyrkje

  • +47 70260333
  •  /  km From You
Overview

Stranda kyrkje vart bygd i 1838 i tre med omlag 260 sitjeplassar. Arkitekt var Rolfsen, og byggmeister var Gert Gjert, Nordfjordeid.

Det har vore kyrkje på Stranda i mange hundreår, først på Opsvik på 1000-talet og på Sløgstad på 1400-talet. Skafjell-ulukka i 1731 gjorde slutt på kyrkja på Sløgstad, og ei ny krosskyrkje vart bygd. På 1800-talet vart kyrkja for lita og dagens tilnærma åttekanta kyrkje vart oppsett. Det mest verdfulle i kyrkja er altarskåpet. Det er mest sannsynleg laga i Lübeck eller av ein nordtysk handverkar i Bergen på slutten av 1400-talet. Altarskåpet vart i første halvdel av 1600-talet påbygd med sokkel og toppstykke i typisk barokk-stil. Kristus-figuren på toppen er frå midten av 1600-talet. Ein inskripsjon på sokkelen fortel at skåpet vart restaurert i 1777. Nedfelt i altarbordet ligg ei kvit marmorplate som mest sannsynleg har vore i bruk i Stranda-kyrkjene i meir enn 800 år. Ho ber tydeleg merke av å ha vore i bruk i katolsk tid. Ei grop på midten må ha vore staden for ein relikvie. Det er grunn til å tru at plata har vore altarbord i St. Pæders-kyrkja på Opsvik. Preikestolen er frå 1648 og minste kyrkjeklokka frå 1721. Disken og kalken i Stranda kyrkje er òg verdfulle klenodiar. Brødet ligg på ein disk av sølv frå 1696, og kalken med vinen er frå 1651. Kyrkja vart restaurert i 1927.
(Kjelde: Berge, Ivar: Stranda kyrkje 150 år. 1988,
Kulturnett).


  • Last Updated:
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Click to activate
Stranda, Norway
The latitude and longitude
62° 18' 30" N / 6° 56' 50" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad