Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Jelsa

Strandstaden Jelsa, Jelsa kyrkje og Skulemuseet (Ryfylkemuseet)

  • Jelsa, Suldal
  • +47 52790560
  •  /  km From You
Overview
Details

Jelsa i Suldal kommune er den best bevarte strandstaden i Ryfylke. Her var det gjestgjevarhus og handel frå sist på 1600-talet og kyrkjestad frå 1200-talet. Frå 1855 kom Jelsa på rutekartet til dampskipstrafikken i Ryfylke.

Den noverande kyrkja er i renessansestil og vart ferdigstilt i 1647. Kyrkja vart laga av si tids fremste handverkarar. Fleire endringar er gjort sidan. På 1950-talet fekk ein att delar av den gamle innvendige utsmykkinga. Kyrkja er ei av dei få privateigde kyrkjene i landet. Ikkje langt frå sentrum av Jelsa ligg den freda prestegarden og eit galleri.

Skulehuset, den Riibergske skule, blei bygd i 1774 for midlar frå ein stiftelse oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Marcille Riiberg var brordotter til Jelsapresten Mentz Blix. Ho budde ei tid hos farbror sin på Jelsa. Marcille må har vore ei rik dame. I 1751 kjøpte ho Jelsa og Sand kyrkjer.

Planen for skulen var at det skulle vera ein barneskule for strandsitjarborna på Jelsa, men i tillegg skulle to ungdommar ha gratis opplæring ved skulen i to år, slik at dei seinare kunne gå ut i bygdene som dugande lærarar i omgangsskulen. I over 40 år sendte Den Riibergske Skule ut lærarar i Ryfylke, men i 1820 blei skulen nedlagt av økonomiske grunnar. Barneskulen heldt fram i huset til først på 1900-talet.

Etter initiativ frå personalet ved Jelsa skule, blei skulehuset restaurert og gjort om til museum i perioden 1974-1983.

Omvisning for grupper etter førespurnad


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 20' 18" N / 6° 1' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad