Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Runde

Strandtur med meining på Runde

Bestill
Strandrydding med god hjelp av både to- og fire beinte.
Gode hansker er lurt når man skal leite i fjørekanten.
Strandrydding - ei viktig oppgåve for å halde naturen rein.
Ein finn mykje plast og rusk i fjøra.
Båt fylt med funn frå strandturen.

Vil du gjere ein forskjell, men veit ikkje heilt kvar du skal starte? Bli med ein naturrettleiar å lær korleis du kan vere med å rydde plast i strandsona.

Visste du at strekket mellom Runde og Ålesund er ein av dei mest plast-forureina plassane vi veit av i havet vårt?

Lær korleis du kan gjere ein forskjell for havet

På «strandtur med mening» vil du få eit godt grunnlag for å bli ein dyktig strandryddar. Undervegs på turen vil du få innsyn i det enorme problemet som vi har vore med å skapt, og kva som blir gjort for å redusere mengda plastikk i havet. Du får utdelt nødvendig utstyr for effektiv rydding, og med ein erfaren plastryddar tek du turen ut i fjøra.

Bli godt utstyrt for effektiv strandrydding

Du blir kanskje overraska over alle dei rare tinga ein finn, og me tek oss god tid til å sjå på kva vi eigentleg ryddar. Etter to og ein halv time, vil du verkeleg føle at du har gjort ein forskjell!

Turen går ikkje på ei fast rute, men i ulendt terreng der mesteparten av plasten sett seg på sted som kan vere vanskeleg å rekke. Det er derfor viktig med gode sko og klede somkan bli skitne. Vi skal heller ikkje legge skjul på at det kan vere tungt arbeid! Aktiviteten er ei god anledning til å få seg ei skikkeleg arbeidsøkt ute i frisk luft.

Turen er berekna for grupper, for eksempel skuleklassar eller bedriftsgruppar. Ta kontakt så planlegg me ein lærerik tur.

Inkludert i opplevinga er

Strandryddetur med naturrettleiar

Sekker og arbeidshanskar

Guding på Norsk og Engelsk

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Strandtur med meining på Runde

Bestill

Sider du nylig har besøkt