Strind Gard | Gardsovernatting
På Strind gard har Anne Jorunn og Trond teke mot gjestar fra heile verda sidan 1975. Strind gard har hytter/rom, både med høg standard og enkelt standard, til rimelege prisar i eit intimt og romantisk gardsmiljø.
På Strind gard har Anne Jorunn og Trond teke mot gjestar fra heile verda sidan 1975. Garden driv aktivt med sauehald med fokus på gamle tradisjonar. Her kan du kombinere store naturopplevingar i Jotunheimen med fredeleg gardsliv.
Strind gard er i dagleg drift med sauehald. Til vanleg er det sauer, kopplam og høner på garden heile sommaren. Her kan du bu i rolege omgjevnader i hus med sjel - i eit intimt og romantisk gardsmiljø. Strind gard har hytter/rom, både høg standard og enkel standard med plass til 2-6 personar, til rimelege prisar. Garden har nytt sanitæranlegg med badstue.
Den trivelige garden ligg rett utanfor Lom sentrum, med stort uteareal med tilrettelagde sitteplassar inne i den blomstrande hagen. I bekken Vittingje med sitt sildrande fjellvatn, kan du ta eit friskt bad eller nyte eit måltid på uteplassen med grill. Frå garden går det merka sti til fossane i Vittingje, der du finn gapahuk og bålpanne. Vertsfolket kan gje gode råd om turar i fjellheimen og stiller òg i blant opp som turfølgje.
Strind gard er ligg ypperleg til for dagsutflukter i Jotunheimen og opplevingar i Lom sentrum. Garden er barnevenleg og tek i mot gjestar heile året.
- Sanitæranlegg
- Grill
- Familievennlig
- Badstue
- Grillplass
- Bondegårsdferie
- Gårdsarbeid
- Skogsvandring
- Vandring
- Jakt og fiske
- Elvebading
- Stangfiske
- Safari
- Sykkelutleie
- Fiskekort påkrevd
- Hage
Kilde: Visit Jotunheimen AS
Strind Gard | Gardsovernatting