Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Loen

Stryn Klatrefelt: Beachen

  • +47 57874054
  •  /  km From You
Overview
Details

Stryn klatrefelt har på kort tid blitt eit svært kjent reisemål for klatrere verden over.


Klatrefeltet er delt inn i to sektorer; Beachen og Bølgen. Men hele feltet blir ofte kalt Beachen. Beachen, som er den mest kjende sektoren på cragget, er svært overhengende med ruter gradert mellom 7+ til 9-. Av disse er der flest ruter på graden 8, ei samling du ikkje finn noko annan stad! Det spesielle med rutene på Beachen er at nesten alle har ei lengde på opptil 30m og overhenget varierar frå 8 til 10 meter.


På Bølgen finn du dei meir lette rutene på cragget samt nokre svakt overhengande hardere ruter konsentrert rundt ei lita grotte (Bølgen). Her finn du ruter fra 5+ og opp til ca 7. Ellers er det to nyare sektorar - ein til venstre for bølgen og ein til høgre for beachen. På desse sektorane er det mest vertikale krimperuter og noko svaklatring.


Stryn klatrefelt er vestvendt der Bølgen får sola kl.1200 og Beachen kl.14:00. Sommarstid kan det vere reine bakaromnen etter kl.14:00. Difor kan det vere lurt å starte klatringa tidleg på morgonen. Etter solnedgong tek det nokre timar før veggen blir kjølig og støteforholda optimale. Det fantastiske med Beachen er at du kan klatre når det regnar, til og med midt på vinteren om du ikkje har noko imot litt neglesprett. Dette kjem av det store overhenget. Framfor veggen er ein fin grusplass (som ei strand) med stolar, hengekøy-feste for ein, bålplass og ghettoblaster.


Anbefalte ruter: Nøtteliten (6-), Aphelium (6+), Bølgen (7-), Laphroaig (7+), Ei Ny Tid (8-), Aloha (8) og Loco Motion (8+) - Dei fleste rutene er svært bra!


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Årstid
  • Hele året
  • Sommer

Plenlegg reisen

Tjenester
  • Gratis WiFi
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 52' 37" N / 6° 46' 24" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad