Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sand

Suldal Turistinformasjon

  • +47 52790560
  •  /  km From You
Overview

Velkommen til skattkammeret Suldal! 

Suldal er med sine 1728 km2 den største kommunen i Ryfylke i Rogaland, og har om lag 4 000 innbyggjarar. Kommunen er rik på natur -fjell, fjord, elv, dal, skog og vatn - og har eit stort utval av attraksjonar, aktivitetar, overnattings- og serveringsstadar for ein kvar smak heile året.

Attraksjonar 
Laksestudio i Sandsfossen på Sand - Sjå laks og aure på veg opp elva for å gyte!
Høsebrua ved Sandsfossen – Rintala Eggertsson Arkiekter har teikna brua som er ein av stoppestadene ved Nasjonal Turistveg Ryfylke.  
Blåsjø - Vegen inn til Blåsjø er open frå ca.1. juli.
Kraft arkitektur på Nesflaten – best bevarte døme på funksjonalistisk stil i Norge.
Nesasjøhuset – Museum med utstillingane ”Kvitebjørnen” –ei eventyrleg utstilling for barn, og Bunadsutstilling. Gratis WiFi.
Kolbeinstveit- gardstun med vertskap og dyr.
Litunet – særprega gardstun ved Hylsfjorden.
Strandstaden Jelsa – skulemuseum og kyrkja.
Røynevarden –  husmannsplassen ved Suldalsvatnet.
Håland - storgarden i Erfjord.
Kulturhuset i Suldal – utstillingar, konsertar, kino, bowling, biljard, dart og bibliotek. Gratis WiFi.
Nasjonal Turistveg Ryfylke -  last ned din eigen turleiar med mobilapplikasjonen Ryfylke Multiguide! 

Aktivitetar ute i det fri!
Bading ved fjord og fjell. Badeplassar på Jelsa, Erfjord, Sand og Mosvatnet.

Turtips? Gradering: grøn-lett, blå-middels, raud-krevjande, svart- ekspert
• Rusletur i Sand sentrum med ein tur til Høsebrua og laksestudioet (grøn).
• Ein avstikkar frå Nasjonal Turistveg Ryfylke kan du gjere i Erfjord og få med deg ein fin tur i fjordlandskapet på Erøy rundt (2 t, grøn/blå).
• Fjordlandskapet kan du oppleve på familievenleg tur til Barkåsen (2 t, grøn) på Jelsa eller til Grytenuten (8 km, 5 t, blå) på Ropeidhalvøya.
• Familievenleg område ved Gullingen. Fleire turalternativ frå Skuteheia rundt (14 km, 4-5 t, blå/raud) til topptur til Reinsnuten (14 km, 4-5 t, raud). Ta også turen til Stranddalen turisthytte, StavangerTuristforening si ”Perle i Ryfylkeheiane”(3 t, blå).
• Opplev Suldalsdalføret på stemningsfull tur ved Ritlandsvatnet (6 km, 2t, grøn) eller topptur med flott utsikt frå Stråpanuten (4 km, 2 t, blå).
• Kraftarkitektur og tradisjonell kultur kan du få med deg på ein rundtur på Nesflaten (25 min, grøn).


Sykkel er også ein fin måte å ta seg fram på. Nokre idear til fine stader for tursykling er Blåsjøvegen, Jelsa og Ropeidhalvøya eller kanskje ein sykkeltur innover Ulladalen?

For den som er glad i å fiske er Suldal eit eldorado. Her er det mogeleg å fiske i både sjø, elv og ferskvatn. I tillegg kan Suldal by på mange friske aktivitetar, m.a. laksesafari og elveekspedisjon. I laksesafarien kler ein seg i overlevingsdrakt og flyt nedover elva. Elveekspedisjonen er ein spanande flåteferd ner Suldalslågen.

Fiske i Suldalslågen - brunaure og laksefiske www.suldalslagen.com
Fiske i vatn i Suldal – fiskekort for vatn kjøper du på www.inatur.no        

Vinter – snøgleder på Gullingen
Langrennsløypene ved Mosvatnet/Gullingen, inkludert lysløypa, blir oppkøyrd frå snøen kjem og så lenge tilhøva ligg til rette for det. På www.suldals-kiinfo.no finn du til ein kvar tid oppdatert snø og løypeinformasjon.

OPPKØYRDE LØYPER MED LØYPEMASKIN
1. Lysløypa ved Gullingenhuset, 3,3 km
2. Barneløype ved Gullingen Turistsenter, 1 km
3. Åsløypa, knyter saman skisenteret og turistsenteret nedanfor vegen, 1 km
4. Breiastøldalen mot Sandsaosen t/r 10 km
5. Langeli t/r, oppstart i Breiastøldalen, 9 km
6. Hedlebrekk frå Gullingenhuset, 7,5 km
7. Fjellbergskardet rundt frå Hedlebrekk, 6,5 km
7-a. Lysløype i Fjellbergskardet, 2,5 km.

Heia ventar også på deg som vil gå milevis utanfor oppkøyrde løyper. Kvistaløypene nedanfor blir normalt kvista før vinterferien, og blir køyrd med snøscooter ved ledig kapasitet.

KVISTA LØYPER (blir kvista til vinterferien)
8. Reinsheia frå/til Breiastøldalen 13 km
9. Skuteheia frå/til p-plass Skitrekket 8 km
10. Rota frå/til Gullingehuset 5 km
11. Veneheia, vest for Mosvatnet, frå/til Gullinghuset 16 km
12. Nattlandsnuten (965 moh.) frå/til p-plass Hedlebrekk 12 km.
I Hamrabø, på Kleivane (530 moh), er det ei rundløype på 3 km. Den blir kjørt opp med løypemaskin for både klassisk og skøyting.

SKILEIKOMRÅDE
Kuleløyper, portalløyper, hopp og magasug finn du ved Gullingen turistsenter og i Breiastøldalen.

GULL-SPOR AS
Det er Gull-Spor as som tar hand om løypekjøringa på Gullingen. For spørsmål og meir informasjon ta kontakt på e-post nerheim@gull-spor.no eller tlf. 40 40 63 03.
Følg ”Løypekjøraren på Gullingen” på Facebook!

GULLINGEN SKISENTER
Gullingen Skisenter har 3 nedfartar med ulik vanskegrad. Lengste løype er 1200 meter og høgdeforskjellen er 137 meter. Ein heis med T- krok, barnetrekk, Fun Park og kjelkekjøring. Varmestove, mat og drikke. Kiosk. Skjenkebevilling. NB-Trekket har ikkje ope viss det ikkje er nok snø!

For meir informasjon om snøforhold i skitrekket og opningstider - sjekk www.gullingen.no, ring Gullingen Turistsenteret på tel: 52 79 99 01 eller følg Gullingen Skisenter på Facebook!

Skyss til bakken?
Er de ei gruppe som ønskjer å kome dykk opp til Gullingen, men manglar skyss? Ta kontakt med Osa-Bu på tlf. 52 79 92 60 eller Suldal Billag på tlf. 52 79 04 00.

EIN SMAK AV LANDLEG URBANISME?
For den som ikkje vil ut på ski kan kafé liv, handel og kulturelle opplevingar på Sand vere eit godt alternativ. Kulturhuset i Suldal har aktivitetar sju dagar i veka! Ryfylkemuseet på Nesasjøhuset har arrangement og utstillingar!

Ryfylkedagane er eit årleg arrangement på Sand i juni, med mykje liv og mange ulike aktivitetar i sentrum.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Facts

Season
All Year
Click to activate
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 29' 6" N / 6° 14' 53" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad