Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
FØRDE

Sunnfjord Museum

  • +47 57721220
  •  /  km From You
Overview
Details

Sunnfjord Museum tilbyr guiding og formidling, skiftande utstillingar og arrangement, urtehage og museumsbutikk, og leiger ut hus og lokale til møteverksemd og fest. Museet ligg ved Movatnet like aust for Førde sentrum og er ope heile året, med størst aktivitet i friluftsmuseet i sommarsesongen. Det er høve til å bade og fiske. 


Museet har eit vakkert uteområde med koselege sitjeplassar ved Movatnet og mellom husa i tunet. Ein kan tinge grill om ønskeleg. Museet er også utgangspunkt for turstiane Mostien og Dyreløypa. Deler av dei merka stiane følgjer Den Trondhjemske Postvei, og fleire informasjonstavler langs rutene fortel om den lokale natur- og kulturhistoria.


Sunnfjord Museum har samlingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord og bygningar som syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet er tillagt samordnings- og rådgjevingsansvar for handverk, handlingsboren kunnskap og immateriell kultur i fylket.


Velkomen til Sunnfjord Museum – anten du er på jakt etter kunnskap, eller berre treng ei avslappa stund i det vakre uteområdet vårt.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Natursti

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Hage

Opening hours

1. sep 2016 - 31. mai 2017: man tirs ons tors fre 10:00 - 15:00
See All
Click to activate
Førde, Norway
The latitude and longitude
61° 26' 21" N / 5° 58' 24" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad