Førde

Sunnfjord Museum

Bestill
  • Sunnfjord Museum
  • Sunnfjord Museum
  • Sunnfjord Museum
  • Sunnfjord Museum
  • Sunnfjord Museum
  • Sunnfjord Museum
  • Sunnfjord Museum
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 57721220

  • Jølstravegen 107

    Sunnfjord, Vestland

    Vis i kart

Når de stig inn i ei av dei små, lafta stovene på Sunnfjord Museum, stig de inn i livet til sunnfjordingen på 1800-talet.      

Langs stiane mellom torvlagde tak, hesjer og ein liten kvernbekk, kan de få eit innblikk i kvardagen på den tida våre tipp-tipp-oldeforeldre levde. Friluftsmuseet syner fram kulturarv og daglegliv frå dei indre Sunnfjordbygdene, med over 30 antikvariske bygg. Her kan de utforske tradisjonelle tun, husmannsplass og ein støl. De finn fine turløyper som startar på museumsområdet.

Innandørs kan de oppleve skiftande utstillingar gjennom året, både eigenproduserte og vandreutstillingar.

Kafé og museumsbutikk

I museumsbutikk har dei eit utval av kulturhistoriske bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker og handverksprodukt. I kaféen kan de kjøpe ein kaffi, is eller andre kioskvarer

Omvising

Museet tilbyr individuelle og tilrettelagte omvisingar for alle besøkande på norsk og engelsk.

Tilrettelegging

Friluftsmuseet har grusveg, med varierande tilkomst. Det er avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa, men museet kan legge til rette for tilkomst i nokre antikvariske bygg. Ta gjerne kontakt på førehand.

Sesong og arrangement

Museet held ope heile året bortsett frå januar, og har ulike aktivitetar og arrangement gjennom året. På nettsida finn du oversikt over kva som skjer.

Berre 10 km frå Sunnfjord Museum finn du Sogn og Fjordane Kunstmuseum – her kan du oppleve ein unik kombinasjon av moderne kunst og vestlandsnatur midt i Førde sentrum.

    Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord