Sunnhordland - kyst- og fjordlandskap sør for Bergen












På sykkelturen kan du oppleve eit nydelig landskap, og turen byr på ein god blanding av aktivitet, natur og kulinariske gleder.
Fleire ferje- og båtturar undervegs gjer dette til ein variert tur. Discover Norway gir deg forslag for avstikkarar og ting å sjå undervegs.
Du starter turen med en overnatting i Bergen, før Hardangerfjordekspressen tar deg til Rosendal. I Rosendal ligg Folgefonnsenteret, Steinparken, Baroniet Rosendal og Salmon Eye. Her er også mange flotte fotturar du kan gå.
Frå Rosendal går turen til Tysnes. Her overnattar du på historiske Haaheim Gaard, som har eigen hage, lysthus og ei vidstrakt utsikt. Det blir ei eksklusiv smaksoppleving når du får middag laga av lokale og sesongbaserte råvarer.
Du sykler vidare gjennom sjarmerande tettstader, og kjem til Stord og Stord Hotell. Her kan du lade batteria i hotellet sin velværeavdeling. Neste dag går turen langs kystveagar og vidare til Bekkjarvik. Her overnattar du på Bekkjarvik Gjestgiveri, der det blir ei ekstraordinær matoppleving med mat laga av prisvinnande kokkar som serverer dei herligaste måltider, inspirert av omgjevnadane.
Du får oppleve eit lite stykke Norge i miniatyr, med fjell, fjord, små og store øyer, og frodige bygder. I aust skimtar du det mektige breplatået, Folgefonna. Dagsetappane vert krydra av korte og lange båtturar og vert avslutta i koselege tettstader, der du får eit møte med den ekte kyst- og fjordkulturen. Turen startar og sluttar med overnatting i Bergen.
Annankvar søndag. 2. juni til 25. august, i tillegg til 1. september.
6 (søndag - fredag)
Vanskelighetsgrad
Moderat tur for erfarne syklistar (sjå nettsida til Discover Norway for meir informasjon). Dagsetappane er på mellom 20 og 55 km.
Lengde
Ca. 152 km + valfrie omvegar og avstikkarar
5 x overnattingar med frukost
4 x nistepakke m/påfyll eigen termos
4 x 3-retters middag
Hardangerfjordexpressen frå Bergen til Rosendal dag 2
Digitale kart og turskildring
Bagasjetransport, 1 kolli (ikkje i Bergen)
Ikkje inkludert:
Reise til og frå Bergen
Reise- og avbestillingsforsikring
Drikke til maten, snacks
Tillegg for ferjer / hurtigbåtar som ikkje er nemnde
Eigne prisar for sykkelleige, sjå nettsida til Discover Norway.
Dagsprogram
Dag 1 - Søndag: Individuell ankomst. Overnatting i Bergen.
Dag 2 - Mandag: Bergen - Rosendal. Hente evt. leigesykkel. Ekspressbåt frå Bergen 16.30 ankomst Rosendal 18.25. Overnatting Rosendal.
Dag 3 - Tirsdag: Sykle til Årsnes, 10 km, ferge til Gjermundshamn, sykle til Uggdal på Tysnes, 45km. Overnatting på Haaheim Gaard.
Dag 4 - Onsdag: Sykle til Hodnanes, 18 km, ferge til Jektevik på Stord, sykle til Leirvik, 14 km. Overnatting på Stord Hotell.
Dag 5 - Torsdag: Leirvik - Bekkjarvik, 45 km. Sykle frå Leirvik via Fitjar til Sandvikvåg (38 km). Ferje frå Sandvikvåg til Husavik. Sykle frå Husavik til Bekkjarvik (7 km). Overnatting på Bekkjarvik Gjestgiveri.
Dag 6 - Fredag: Bekkjarvik - Bergen, 20 km. Sykle frå Bekkjarvik, via Storebø til Hufthamar. Ekspressbåt til Bergen. På veien til Hufthamar er det er mange moglegheiter for fine avstikkarar. Innlevering av evt. leigesyklar. Individuell avreise frå Bergen.
Det er mogeleg å bestille ekstra overnatting i Bergen før og etter turen.
Følgjer med: Lås, 1 sett reparasjonssett, lappesett og pumpe pr. bestilling. Det følgjer også med 1 x slange pr. sykkel, som betalast for dersom han vert nytta.
Det er mogleg å bestille turen utan overnatting i Bergen, ta kontakt for pristilbod og booking. For små grupper er det mogleg å avtale andre datoar.
Antall deltakarar: minimum 2 for gjennomføring, maksimalt 12.
Tursen kan 'skreddersyast' for grupper på min. 8-10 personar, både med og utan bagasjetransport.
Kilde: Region Sunnhordland
Sunnhordland - kyst- og fjordlandskap sør for Bergen