Sunnhordland UNESCO Global Geopark

Sunnhordland UNESCO Global Geopark finn du mellom øyrike, fjorden og fjella i dei åtte kommunane i Sunnhordland.
I Sunnhordland er du alltid nær ein stad der stein, landskap og utstillingar byr på både utsikt og innsikt.
Gjennom besøksmåla til Sunnhordland UNESCO Global Geopark kan du lære meir om steintypane, isen og kulturhistoria som har forma regionen vår.
Besøkssenterene er følgande:
Sunnhordland Museum - Sunnhordlandstunet
Du er invitert til å oppdage Sunnhordlands sjel gjennom vår natur og kultur. Men trø varsamt, far sporlaust, handle lokalt og ver førebudd på vårt ville vestlandsvær.
Eit usedvanleg breidt spekter av vulkansk geologi, “fødd” i Iapetushavet og pressa i den Kaledonske fjellkjedefaldinga, har skapt kultur og næringsliv på nordsida av Hardangerfjorden gjennom 10 000 år.
30-40 istider gjennom dei siste 2,6 millionar åra har forma landskapet vårt. Den historia er spesielt godt fortalt av fjell, morenar og jettegryter sør for Hardangerfjorden, men og av sjølve fjorden.
Framtida til Geopark SunnhordlandSaman med fagmiljøa ved UiB og NGU søkte Geopark Sunnhordland opptak i UNESCO Global Geopark Network hausten 2021. Geoparken skal gje oppveksande slekter innsikt i korleis landskap har oppstått og korleis berggrunnen har prega kulturen vår. Geoparken fekk status som UNESCO Global geopark i mai 2023.
Kilde: Region Sunnhordland
Sunnhordland UNESCO Global Geopark