Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Stord

TripAdvisor rating of 5

4

Sunnhordlandstunet - Stord - Sunnhordland Museum

Book

Sunnhordlandstunet ligg i gåavstand til Leirvik sentrum. Utstillingar og museumstun med kulturhistoriske bygningar frå Sunnhordland, passar for heile familien.

Sunnhordlandstunet ligg flott til i Vidstenparken i Leirvik. Her er det spennande utstillingar og eit flott museumstun med kulturhistoriske bygningar frå heile Sunnhordland. Her kan du sjå nærare på museet sitt eldste bygg, Aadlandstova, som er rekna å væra frå om lag 1400. Her finn du også ei røykstove frå 1500 talet, ei glass og lemstove frå 1650 i tillegg til smie, eldhus, krambu, og løe.

I sommarsesongen er det daglege omvisingar på tunet - elles kan du ta kontakt med museet for bestilling av omvising for grupper.


Utstillingar på Sunnhordlandstunet
Den vesle manns kunst

Utstillinga viser fram masseproduserte trykksaker som var ein viktig del av den folkelege kvardagskulturen i industrisamfunnet frå tidleg 1900-tal og framover.

Gjennom 40 år har forfattar Einar Økland bygd opp ei stor samling av trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur, bruksgrafikk og trivialkunst. Samlinga har vakse seg så stor at ho har fått nemninga "Økland-samlingane". Dei spenner vidt, mensamla sett gjev dei eit portrett av skrift- og biletkultur i det moderne Norge på 1900-talet.

Det starta med silda

Utstillinga syner kva fiskeri har hatt å seie for utviklinga av industri og maritimt næringsliv i Sunnhordland frå 1900 og fram til i dag, med særleg vekt på silda.


Tekstilutstilling

I tekstilutstillinga på Sunnhordlandstunet finn du mellom anna vevar, folkedrakter, bringedukar og andre bunadsdeler frå Sunnhordland.


Sunnhordland escape

Med historia om den siste heksebrenninga i Sunnhordland som bakteppe har Sunnhordland museum utvikla eit eige escape room på Sunnhordlandstunet. Saman med venner, familie eller kollegaer løyser du kodar og gåter slik at de kan redde "Margaret Larsdotter" frå å bli dømd som heks. De vert lukka inn i eit eige rom. Tida renn og adrenalinet kokar. Klarar de å samla dei vitnemåla som skal til for å frikjenna Margaret, og få levert dei i tide?


Rommet høver for 3-6 personar. Anbefalt for 16 år og oppover, eventuelt familiar med born frå 10 år.

Ta kontakt på e-post eller telefon med Sunnhordland Museum for å booke tid i escape-rommet!


Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Sunnhordlandstunet - Stord - Sunnhordland Museum

Book

Sider du nylig har besøkt