Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Ålesund

Sunnmøre Museum

Bakkestova på Sunnmøre Museum
Stort vikingskoip i båthallen på Sunnmøre Museum
Roleg uteplass ved Sunnmøre Museum
Gammalt hus ved vatnet på Sunnmøre Museum
Stabbur  på tunet på Sunnmøre Museum
Interiør frå gammalt av på eit av husa på Sunnmøre Museum
Interiør frå eit av dei gamle husa på tunet
Gamle skip i Båthallen på Sunnmøre Museum
Gamle båter på Sunnmøre Museum
Slapp av i kafeen på Sunnmøre Museum
Servering og souvenirer

Sunnmøre museum i Ålesund fortel historia om levemåten i det gamle bondesamfunnet. I idylliske Borgundgavlen ligg ei stor samling bygningar frå heile Sunnmøre.

Sunnmøre museum byr på mangfaldige museumsopplevingar. I friluftsmuseet er det samla bygningar frå heile Sunnmøre, som fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet. Dei fleste livnærte seg av ein kombinasjon av jordbruk og fiske. Husa var mange, dei stod tett og dei skulle fylle mange funksjonar. Naturtilhøva, næringsgrunnlaget og eigedomstilhøva har vore med og forma den særlege sunnmørske byggeskikken. Etter kvart vart skulen og bedehuset sentrale forsamlingshus i bygdene. I friluftsmuseet blir du kjend med alle dei ulike bygningane og funksjonane dei dekte.

Tradisjonar

Bygging og bruk av båt har lange tradisjonar på Sunnmøre. Ved kaia og i båthallen syner vi dei lange linjene i båttradisjonane på sunnmørskysten. Her blir du kjend med korleis folk levde i det førmoderne Sunnmøre.

Inne i hallen kan du sjå ei stor samling opne tradisjonsbåtar, mellom anna den einaste attverande originale sunnmørsåttringen. Utstillinga viser òg kopiar av jernalder- og vikingskip frå Fjørtoft og Kvalsund, basert på arkeologiske funn, og båtar knytte til andre verdskrigen.

Ved museumskaia ligg fleire båtar og fartøy. Fiskekuttaren MK Heland deltok i englandsfarten under andre verdskrigen som «shetlandsbuss». Borgundknarren er ein kopi av eit handelsskip frå 1000-talet funne i Roskilde fjord i Danmark, og han kan leigast til kortare eller lengre turar. Dei mindre, opne tradisjonsbåtane som ligg ved kaia, bruker vi i skuleformidling, og nokre av dei kan ein leige i sommarsesongen.

Sjå og gjere

Gå på oppdagingsferd i den nye utstillina vår "EG VAR HER - stemmene frå Sunnmøre". Her inviterer vi til deltaking og refleksjon. Få også med deg resepsjonen, finn dei gøymde bokstavspora, løys rebusen! Utstillinga er over to etasjar med tilkomst for rullestol og barnevogn.

Borgundgavlen er dessutan eit mykje brukt tur- og rekreasjonsområde, som er ope for publikum heile året. Her kan du spasere på fredelege skogsstiar, vandre mellom dei gamle gardstuna og kanskje avslutte med kaffi og svele i museumskafeen.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Sunnmøre Museum

Sider du nylig har besøkt