Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sykkylven

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven
Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven
Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven
Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven
Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven
Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven

Alpinanlegget Fjellsætra i Sykkylven, ligg naturskjønt til ikkje langt frå Ålesund, og har gode tilbod for hele familien. Anlegget er også del av Alpepass.

Som ein del ein del av Sunnmøres ville natur, er Fjellsætra plassen for rein skiglede.

Alpin

14 alpintrasear, med ei total lengd på 16 km, og det tek omtrent 10 minuttar å kome seg til toppen med heisen.

5 heiser - 4 av dei kan nyttast om kvelden, noko som gjev god kapasitet med 4,5 km belyste nedfarter på kveldskøyringane.

Barne- og familietrekk og to barnebakkar. Her er det tautrekk for dei yngste, med figurar og kjekke utfordringar i løypa, og eigne familietrekk for dei litt større borna.

Langrenn og snøbrett

35 km med oppkøyrde langrennsspor og flotte område for snøbrett og leik i snøen. Oppdatert info fra Skisporet finner du her: Skisporet

Heiskort og Alpepass

I tillegg til moglegheita for å kjøpe heiskort til Fjellsætra, er det eit billettsamarbeid gjennom Alpepass med åtte andre skisenter. Dette gir deg eitt heiskort og høvet til å nytte heile ni skidestinasjonar! Gratis for barn under 7 år. I linken HER kan du bestille heiskort og Alpepass.

Fjellseterstova

Fjellseterstova, ved parkeringa, er basen for kafé, skiutleige, og billettsal. Du kan òg leige Fjellseterstova til arrangement som julebord, konfirmasjonar, bryllaup og temakveldar.

Skiskule og utleige

Skiskule og utleige er tilgjengeleg for alle ferdigheitsnivå. Mange ønskjer å finpusse skiteknikken sin for å ha endå meir moro i bakken. Enten du akkurat har kjøpt nytt utstyr eller vurderer det, kan det vere lurt å starte med ein skiskule for å få den gode skifølelsen frå starten av.

Her kan du òg leige utstyr som ski, snowboard, stavar, støvlar, hjelm, hanskar og mykje meir – alt du treng for ein flott dag i fjellet.

Parkering

Parkering ved anlegget er enkelt med automatisk skiltgjenkjenning.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra i Sykkylven

Sider du nylig har besøkt