

Nyt panoramautsikt og eit godt måltid med lokale råvarer på Svanøy!
Svanøybukt har ruteanløp, gjestehamn, kro og landhandel og er ein møteplass for båtfolk, innbyggjarar og ferierande.
På Svanøy Handel kan du kjøpe lokalmat frå Svanøy Røykeri og Norsk Hjortesenter, få gratis turkart og leige syklar.
Svanøy har ei rik og mangfaldig historie frå tida som adels- og futsete med gruvedrift, haugianarar og restar etter vikingstida. Svanøy Hovedgård frå 1600-talet, Erikstad Gard og Norsk Hjortesenter må du få med deg når du besøker Svanøy. Ein sykkeltur rundt øya er ei flott oppleving.
How to get there
Rutebåt frå Fugleskjærskaia i Florø til Svanøy opp til 5 gonger per dag. Stoppestad: Svanøybukt. Få ruteopplysningar på telefon ved å ringe 177.
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord