Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Svanøybukt

Svanøy Hovedgård

  • +47 57752193
  •  /  km From You
Overview
Details

På Svanøy kan du vandre i Eirik Blodøks sine fotspor, høyre om tida som adelssete og om driftige Haugianarar i si tid, medan du nyt den vakre naturen. Med turstiar på fjell og langs vatn, lune badevikar, flotte sykkelvegar og havet utanfor, er det berre fantasien som set grenser for aktivitetane. Kom til Svanøy, og reis heim at ei oppleving rikare.

SVANØY HOVEDGÅRD
Denne staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bispegods. Haugianerbevegelsen bygde hovedhuset slik det framstår no.
Hovedgården tar i dag imot større og mindre grupper for overnatting, konferanse og servering. Her finn du roen, her kjenner du historia i veggane, her får du servert lokalprodusert mat frå øya og havet rundt. Vi trur du vil bli fornøgd.

OVERNATTING FOR BEDRIFTER I HISTORISKE ROM
På Svanøy Hovedgård frå 1600 talet får du som deltakar i eit bedriftsopphald, bu på t.d. ”Fogd Nagels sengekammer”, ”Logementburet”, ”Pernille Budeies rom” eller nokre av dei andre historiske romma. Du kan føle deg som heime i dei mange stovene i denne ærverdige bygningen. Du får definitivt anledning til å nyte maten i spisestova med handmåla tapetar medan du nyt utsikta til hagen og bukta nedanfor - som adelsmenn og haugianarar gjorde det i si tid ...
Overnattingskapasitet: 21 dobbeltrom. Konferanserom til 40 pers.

OVERNATTINGSMULIGHETER
På Svanøy er det mulig å overnatte også for andre enn bedrifter. Det såkalte Meieriet og Eldhuset er til leie også for privatpersoner og familiar. For meir informasjon ring 57 75 21 93 eller send ein e-post til booking@svanoy.com .
Tilsamman har vi sengeplass til 44 personar.

Det er også andre som leier ut husvære på øya, og ved å kontakte oss vil vi forsøke å formilde kontakten vidare.


Velkommen til ei herskapleg oppleving.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Bar
  • Konferansefaciliteter
  • Badstue

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Vandring
  • Rafting
  • Rideturer
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 29' 31" N / 5° 8' 22" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad