Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sauda

Svandalsfossen

  • 52 78 42 00
  •  /  km From You
Overview
Details

Svandalsfossen ligg rett før Saudasjøen i Ryfylke, kloss inn til Nasjonal turistveg Ryfylke (Fv. 520 og Rv. 13).

Svandalsfossen har eit fall på tilsaman 180 meter. Ved Fv. 520 kan ein parkere og gå under brua for å verkeleg få oppleve fossen på nært hald. I 2006 vart det opna eit imponerande bru- og trappeanlegg i regi av Vegdirektoratet sitt Nasjonal Turistvegprosjekt. Trappene er bratte og fører opp til foten av den øvre fossen, her blir du belønna med ein frisk dusj.

I periodar med stor nedbør går fossen delvis over turistvegen. Den øvste delen av fossen har eit fritt fall på 40 meter. Frå øvre del av fossen har du ein flott utsikt over Saudasjøen.
Det går og trapper ned til fjorden.

Vassdraget er ikkje regulert og vassføringa er avhengig av nedbørsmengde.

Gratis adgang.

Svandalsfossen er oppført som ein attraksjon i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Sauda, Norway
The latitude and longitude
59° 37' 35" N / 6° 17' 28" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad