Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Hatlestrand

Svartavatnet på Hatlestrand

Svartavatnet på Hatlestrand

Ein lett tur med fantastisk utsikt til Varaldsøy, Melderskin og alle Kvinnheradfjella. Tilgjengeleg med barnevogn fram til siste 500 m. av turen.

Stad

Hatlestrand

Kart

Strand-Ulv sitt orienteringskart over Hatlestrand

Start, sluttpunkt og parkering

Grønevik Frå Gjermundshamn ferjekai - køyr 4 km mot Mundheim. Køyr av hovudveg til venstre og parker nede ved ferist. Skilt ved bommen. Turen går på skogsveg.

Lengde til turmål

4,0 km

Merking

T-merkt

Gradering

GRØN - LETT TUR

Høgdeskilnad

50 - 235 moh.

Tidsbruk

2,5 timar t/r

Turomtale

Følg skogsveg 3 km oppover. Langs skogsvegen er det ei fantastisk utsikt over til Varaldsøy, Melderskin og alle Kvinnherad-fjella. Dei siste 500 m går ein på sti. Ein kan gå med barnevogn heilt til det siste stykket. Obs! Ved vatnet er det verna naturområde.  

Kilde: Region Sunnhordland

Svartavatnet på Hatlestrand

Sider du nylig har besøkt