Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Sykkelrute: Upsete - Mjølfjell - Voss sentrum

  • +47 56520800
  •  /  km From You
Overview
Details

Ta med deg sykkelen på lokaltoget til Upsete, gå av toget i eit flott fjellområde og sykle tilbake til Voss sentrum.

RUTESKILDRING
Frå Upsete syklar du nedover på grusveg og Rallarvegen til Mjølfjell og Mjølfjell Fjellstove (13 km).

Frå Mjølfjell fjellstove syklar du på asfaltert bygdeveg gjennom Raundalen, mot Voss sentrum. Du skal følgje vegen til du passerer Palmafossen skule på venstre hand og kjem inn på sykkelsti like før brua som går over Raundalselva. Du vil no sjå vegkrysset der Tjukkebygdvegen vegen møter Rv13 og Hardangervegen.

Når du har sykla forbi Kiwi, svinger du til høgre. Etter å ha fulgt sykkelstien eit lite stykke langs RV13/Hardangervegen, går stien under vegen og kjem opp til Brynalii der du svinger til høgre og følg fortauet. Når Brynalii møter Hardangervegen, svinger du til venstre og inn på sykkelstien som tek deg forbi Amfi kjøpesenter, over Langabrua og til kjernen av Voss sentrum.


SYKKELFAKTA
Lengde: 43 km.
Terreng: Grusveg (13 km) og asfaltert veg (30 km)


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 37' 45" N / 6° 24' 37" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad