Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dimmelsvik

Sykkelrute Omvikdalen rundt

Sykle gjennom eit levande landskap og få med deg både historie og natur.

Du kan starte turen ved besinstasjonen i Dimmelsvik eller i Rosendal.

Frå Fylkesveg 48 tar du av på Landavegen der det er skilta mot Matre og Åkra. Her syklar du oppover den frodige jordbruksbygda Omvikdalen. Dette er eit levande landskap, ofte med beitande dyr. Etter eit stykke kjem du til Nistovetunet, ein museumsavdeling under Sunnhordland museum. Her kan du få omvisning etter avtale. Ta ein titt inn i tunet før du syklar vidare.

Ved Nistovetunet kan ein også ta av vegen og komma inn på turstien som fører opp til Kviteggjo eller Kvannto.

Vidare syklar du opover dalen, over Landa bru der du kjem til kryss mot Matre/Åkra. I dette krysset fortset du til høgre nedover dalen att. Etter eit stykke kjem du til vegkryss der du tek til venstre på Sandvikevegen. Du får no snart flott utsikt over Hardangerfjorden før du kjem ned att til Fylkesveg 48, som fører deg tilbake til Dimmelsvik eller eventuelt Rosendal.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Sykkelrute Omvikdalen rundt

Sider du nylig har besøkt