Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Kvinnherad

Sykkelrute Rosendal-Møsevatnet ved Folgefonna-Rosendal

  • Skålakaien, Kvinnherad
  •  /  km From You
Overview

Dette er ein tur for dei som liker å komme seg opp i høgda på sykkel! Frå 0 til 845 m.o.h.

Turen går først langs fjorden til Dimmelsvik, så svingar ein opp gjennom jordbruksbygda Omvikdalen, opp Myklebustdalen mot Matre/Åkra. I krysset på toppen tek ein til venstre mot Blådalen. Vidare syklar ein innover på asfaltert veg mot Møsevatnet. 
Dalen innover er nytta til beiteområde for sau, så her kan ei møte saueflokkar langs vegen. Det er ein flott dal som også eignar seg for overnatting i telt om ein ønskjer det.

Denne vegen har blitt laga i samband med kraftutbygginga til Sunnhordland kraftlag Blåfalli. Når ein kjem inn til inste kraftstajonen Blåfalli 4 startar den siste 18% bratte stigninga opp til Møsevatnet.  

Vel oppe på toppen ventar eit flott syn innover Møsevatnet mot Folgefonna. Her kan det flyta større og mindre isflak i vatnet.

HUGS: lykt/hovudlykt for passering av 2 mørke tunnelar.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad