Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Uskedalen

Sykkelrute Uskedalen

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Ein sykkeltur rundt Uskedalen er ein tur i skiftande landskap!
Frå det rolege og flate landskapet på flatene nede ved fjorden skiftar dalen karakter når ein kjem oppover, til frodig jordbruksbygd og vidare med meir dramatisk landskap med Ulvanosa ragande over dalen med sine glattskurte sider.

Nedst har Uskedalen to vegar, ein på kvar side av dalen. Dei møtest på Haugland og går vidare som ein veg heilt opp til Friheim og Fjellandsbøvatnet.

Frå Uskedalen sentrum og syklar ein opp på Kjærlandssida, vidare til Haugland der vegane møtest. Vidare går vegen forbi Haugland gamle skule som er museum. Omvisning etter avtale med kulturkontoret i Kvinnherad kommune.( tel. 53 48 31 00)

Vidare smalnar dalen og vegen går forbi Friheim som er øvste garden i Uskedalen. Her held Friheim gardsmat til. Dei lagar ulike kjøttprodukt og har utsalg på garden. 

Syklar du forbi Friheim kjem ein inn mot Fjellandsbøvatnet. Dette er eit flott område. NB: Her kan det gå storfe på beite!

Returen tilbake til sentrum går same veg tilbake til Haugland for så å ta den venstre sida av dalen ned til hovudvegen att.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
Landskap
  • Innsjøområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Sommer

Facts

Effort Level
Medium
Lansdscape
Mountain area
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 55' 58" N / 5° 51' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad