Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Uggdal

Sykkelstreif i Njardarlog (Tysnes)

  • Rådhuset, Tysnes
  • +47 53437019
  •  /  km From You
Overview

Ta sykkelen fatt og opplev Gudeøya Tysnes! Ein informativ
vegvisar, Sykkelstreif i Njardarlog og brosjyra Gudestreif i
Njardarlog gir deg kunnskap og informasjon om kulturskattane på
Tysnes. Tavler er sett opp og her finn du òg sitjebenkar.
God pedaltur!


Velkommen på sykkel i Njardarlog! Nytt sykkelkart med beskrivelsar finn du her. Tilgjengelig på turistinformasjonane i regionen.

1.Tysneset

Kultplass, soldyrking, ekserserplass med gapestokk, minne frå fleire kyrkjer.

Frå Våge tek du av mot Lunde i rundkjøyringa, RV 49. Etter 3.5 km tek du, mot Godøysund. Fylg skiltet til Tysnes. Ver grei, gå vegen, med steingarden på venstre hand,

ned til kyrkjegarden. På vegen vidare mot Lunde, kan du sykle opp til Myrdal. Vil du opp på Tysnessåto (753 moh), byrjar merka sti bak Myrdal Gard.

2.Årbakka

Gravfelt og Handelsplass

Rett etter Lunde tek du av frå RV 49 og syklar forbi Vevatnet på ein pittoresk veg, med fint tilhogne stabbesteinar, som opna

i 1936. Frå høgdedraget, 85 moh, trillar du vidare til Hovland. Her budde Axel Mowatt (stamfaren til Baroniet) og Claus Pavels Riis (songen Anne Knutsdotter). Ved

Årbakka Handel, svinger du ned til venstre. 6 høgreiste bauta-steinar frå jarnalderen! Kulturminnetavla fortel deg heile soga.

3.Flakke kalkomn

Kalkbrenning, ei stor næring

Med utsyn mot Kvinnheradsfjella kjem du fyrst til Onarheim og så til Flakke kalkomn, i drift til 1902. På Tysnes si austside, ligg eit belte av kalkstein som var nytta som

råstoff. Her er og ei nedlagt svovelgruve, som du kan vitje, men hugs lys, her er bekmørkt! Meire info på kulturminneplata.

Etter omnen, ligg Flakke Handel. Utkantbutikkane på Tysnes er viktig som sosial treffstad. Bruk dei!

4.Flatråkervassdraget

Rundtur med sykkel eller kajakk & kano blant ferskvassholmar!

Til Flatråker er det 12,2 km. På Hodnaneset ferjekai er det kiosk. Ynskjer du ein avstikkar, sykklar du langs med Flatråkervassdraget. Vil du heller bruke armane kan du ringe Kenneth Kajakk, 905 19 237 og padle omkring holmar og sund. Sjekk med Kenneth eller turistinformasjonen!

5.Flygansvær Fort

Kanonstillingar frå 2. verdenskrig

Nå skal du ut til pittoreske Reksteren, som fekk bru på slutten av 1970 talet. Frå krysset ved Søreide, 1 km før Uggdal, tek du av til Reksteren. Fram til Flygansvær er det 13 km.

Storslått utsyn over Selbjørnsfjorden mot storhavet. Dette var ei strategisk plassering for den Tyske okkupasjonsmakta. Her hadde dei kontroll med skipsleia og innsegling frå

Nordsjøen. Kulturminnetavle med detaljert informasjon.

6.Hope Kyrkjegard

«The spooky churchyard»; avkristna og gløymd i 1922.

Ein skoddefull vinterdag i 2008 fann me ein overgrodd gravplass, med over 100 år gamle skeive gravstøtter. Der stod dei innimellom kratt, røter og skog, omkransa

av ein mosegrodd steingard. Ved inngangen eit lite likhus i sveitserstil med klokketårn.

Hjarteleg velkomen til ei særmerkt oppleving! Tavle med info om jaktebygging, oppgangssaga nede i fjøra og Spanskesjuka.

Undervegs vitjar du Bruntveit Handel.

7.Uggdalsdalen

Oldtidsvegen mellom Uggdal og Onarheim.

Kulturmiljø og spor etter eldre vegfar. Vegen er fleire stader halvannen meter brei, steinsett og går over to vad. Vegen går gjennom to større område med gravrøyser,

der det og er funne hustufter. Kan vera ein av dei eldste kjente vegane i Hordaland. Informasjonstavla finn du på venstre side av

vegen attmed ein steingard 3,1 km frå Uggdal. Vegstrekkja tek omlag ein halv time å gå.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Tysnes, Norway
The latitude and longitude
60° 0' 20" N / 5° 29' 56" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad