Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Oppstryn

Sykkeltur: Gamle Strynefjellsvegen

  • +47 57874054
  •  /  km From You
Overview
Details

Den praktfulle naturen på Strynefjellet har inspirert mange diktarar og kunstnarar gjennom tidene.
Grusvegen var lenge det einaste sambandet mellom aust-vest.

Den Gamle Strynefjellsvegen er over 100 år gammal, og du vil sjå mange imponerande førekomstar av ein vegbyggingsteknikk som er eit vitnesbyrd for dei som bygde denne vegen for over hundre år sidan.

Vegen er til tider svært bratt og slynger seg opp gjennom imponerande fjellandskap rundt 1000 m.o.h.
Langs vegen kan du lese om landskapet, geologien og naturen.

Turbeskrivelse:
Videseter - Stryn sommarskisenter senter - Grotli

Ta buss frå Stryn sentrum opp til krysset mellom RV 15 og RV 258 (Gamle Strynefjellsvegen). Herifrå syklar du opp vegen forbi Videseter og opp til Stryn Sommarskisenter på Tystigen.
Frå sommarskisenteret fortset du austover til Grotli. På Oppland si side er det grusveg, og du vil sjå at terrenget gradvis vert endra frå det dramatiske vestlandske landskapet til dei mildare og rundare åsane i området mot Grotli. Vegen har lite klatring etter Tystigen.

Denne turen er fin, men du må førebu deg på ei viss klatring i byrjinga av sykkelturen mot skisenteret. I tillegg kan det vere mykje trafikk på hovudvegen i løpet av sesongen.

Turen tek 3-6 timer avhengig av kor langt du har tenkt å sykle.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Middels
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 58' 10" N / 7° 25' 8" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad