Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stryn

Sykkeltur: Lodalen

  • Stryn, Stryn
  • +47 57974054
  •  /  km From You
Overview
Details

Flott sykkeltur i den vakre og historiske Lodalen. 4 km frå Loen kjem du til det vakre Lovatnet i Lodalen. Du kan enten sykle langs vatnet heile vegen til Kjenndalsbreen, eller du kan ta båten M/B Kjendal over Lovatnet til Kjenndalstova Kafe og Restaurant (kontakt Kjenndalstova for tider). Det er få turar som er vakrare enn båtturen med M/B Kjendal på Lovatnet, omkransa av høge fjell og brearmar frå Jostedalsbreen. Frå Kjenndalssanden kan du halde fram inn til Kjenndalsbreen.


Vakker natur og dalen si dramatiske historie gjer Lodalen spesiell. To gongar rasa steinblokker frå Ramnefjell ut i Lovatnet, og flodbylgjene la bygdene Nesdal og Bødal øyde. Dette skjedde 15. januar 1905 og 13. september 1936.


Langs ruta opplever du Breng seter, der bakkane er fulle av revebjøller. Dette er eit av dei mest populære fotomotiva i Norge. "Et lite stykke Norge" reklamerer Freia Melkesjokolade med, og har brukt bilete frå Breng, med Lodalen i bakgrunnen. I enden av dalen kjem du til Kjenndalsbreen.


Turbeskrivelse:
Turen er enkel og fin, med lita stigning og gode sykkelvegar. Den er difor veleigna til sykling både for liten og stor. Deler av strekninga er trafikkert i fellesferien, elles lite trafikk.


Du kan også starte i Stryn sentrum. Følg RV 60 til Loen. (ca. 10 km). Følg deretter skilta veg til Lodalen (17 km). Turen tek 3-5 timar.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Middels

Facts

Effort Level
Medium
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 54' 16" N / 6° 43' 21" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad