Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Sykkeltur Ålfjordruta (32,5 km)

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Ålfjordruta

Beskrivelse
Vanskegrad: Middels til krevande Lengde: 32,5 km Underlag: Asfalt og grussti

Ruta startar på sykkelsti langs hovudvegen og fortsett gjennom fredeleg skog og kulturlandskap med mange idyllar langs Ålfjorden.

Frå Sveio sentrum følgjer ein sykkelstien nordover langs Rv47, og frå Haukås langs E39 til Drange. Her må ein ut på europavegen eit kort stykke (ca 1 km), før ein tar inn til venstre på gamlevegen opp Hanabrekka. Her går det sti til steinalderbuplassen Geitalemen, som ligg få minutts gange frå vegen. Vidare går turen på sykkelsti til Førde. Nede i bygda er det butikk og kafe. Rhododendronparken Rex Garden er òg verd eit besøk.
Frå Førde ta av mot høgre og følg skilt til Erve. Følg Ålfjordvegen gjennom skog og idyllisk kulturlandskap. Ved Joavatnet kan ein ta turen til Børshovda, ca ½ time bratt opp til toppen 189 moh. Her er det funne ei bygdeborg frå folkevandringstida.
I Selsåsvika er det flott badeplass med toalett. Turen går vidare forbi Framnes, Oa og Erve til Våga, der ein svingar av brått mot høgre (ved kai/butikklokale med sommaropen kiosk) og opp ein lang bakke mot Mekjeland og vidare under E39 forbi Krossgott. Ta til høgre igjen og hald fram forbi Lid skule og oppover mot Rv47. Her kryssar ein vegen og følgjer sykkelstien sørover tilbake til utgangspunktet.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 32' 37" N / 5° 20' 49" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad