Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Nissedal

Sykkeltur på gamle Treungbanen

sykling på gamle treungbanen 2
sykling på gamle treungbanen 1
sykling på gamle treungbanen 3
Nissedal_sommer_Buss-med-sykkelhenger
Nissedal_sommer_Buss-med-sykkelhenger_2
sykling på gamle treungbanen 4
sykling på gamle treungbanen 5
sykling på gamle treungbanen 6
sykling på gamle treungbanen 8
sykling på gamle treungbanen 9
sykling på gamle treungbanen 7

Ein sykkeltur langs den nedlagte toglina mellom Treungen og Åmli, passar for alle. Ein flott familietur i eit nydeleg kulturlandskap.

Denne turen følgjer den historiske jernbanestrekninga mellom Åmli og Treungen. Jernbanen gjekk frå Arendal til Treungen, og blei først kalla Arendal - Aamlibanen, deretter Tveitsundbanen og i 1926 Treungenbanen. Banen blei ferdig fram til Treungen i 1913, og ble nedlagt i 1967.

Det blei frakta malm, tømmer og passasjerar på strekninga, og nesten alt av kolonial- og manufakturvarer kom med toget. Av lokalprodukt blei livdyr, slakt, skinn, honning og bær sendt med jernbanen.

Langs sykkelruta vil du sjå mange flotte kulturminne frå jernbanedrifta og frå tømmerfløytinga langs Nidelva. Sjå etter steinmurar, vasstårn, vakre bruer og staselege stasjonsbygningar.

Bygningane er i privat eige, så vis omsyn. Naturen er vakker med elvar, vatn, fjell, svaberg og skog. Sykkelvegen har lite stigning, og går stort sett på eigen trasé utan biltrafikk. Det er fleire flotte badeplassar på turen, og ønskjer du å kombinere sykling og vandring, finn du forslag markert med
vandresymbol på kartet.

Du finn kafé, butikkar og overnattingsplassar både i Åmli og Treungen. Sykkelturen eignar seg godt for syklistar i alle aldrar.

Busstilbud inlkludert sykkeltransport mellom Vrådal og Åmli
Farte fortsetter suksessen fra i fjor og kjører med sykkelhenger på bussen i sommer også. Ta med deg sykkelen gratis på strekningen Åmli - Treungen - Vrådal i perioden fra 22. juni til 18. august. For mer informasjon ser Buss + sykkel=sant

Bussruten går etter følgende rutetider: 
- Fra Vrådal rutebilstasjon kl 07:35 og kl 14:25 til Tveitsund (Treungen sentrum) og Åmli busstasjon. 
- Fra Åmli busstasjon kl 09:20 til Tveitsund (Treungen sentrum) og Tveit skule (går ikke til Vrådal) 
- Fra Åmli busstasjon 16:17 til Tveitsund (Treungen sentrum) og Vrådal rutebilstasjon 

For mer informasjon se farte.no

Kilde: Vest Telemark

Sykkeltur på gamle Treungbanen

Sider du nylig har besøkt