ROGNALDSVÅG
Sykkeltur på Reksta
Autumn
Glacier hiking
Family friendly
På øya Reksta er det fint å dra på sykkeltur i kombinasjon med fjelltur.
Ta turen til den innholdsrike øya Reksta vest i havet. Ta med eigen sykkel eller du kan leige sykkel på turistinformasjonen i byen før du reiser ut. Båtane går frå Fugleskjærskaia kl. 12.00 (berre skuleferien), 14.30 og 16.00.
Båten legg til i Rognaldsvåg og på kaia finn du nærbutikken der det er fint å proviantere litt for turen. Start turen med å sykle til venstre frå butikken, austover. Du syklar forbi bedehuset og skulen som ligg på høgre hand. Skulen vart bygd i 1972 og påbygd 1992, men vart nedlagt i 2008 og ungane må no ta båt til skulen i Florø kvar dag. Skulen blir nytta til grendahus og der finn du bubilparkering.
Vidare syklar du forbi gravplassen på veg austover. Når du kjem så langt at du svingar til høgre startar du på ei lita stigning over skaret til Indre Reksta. På toppen kan du sette frå deg sykkelen og gå innover til Trollhola. Dette er ei spanande hole som går 50 meter innover i fjellet. For å komme til den inste delen må ein klatre opp på eit platå og ned igjen forbi eit overheng. Der må du ha med deg tau og lykt. Du kan og gå rundt Storefjellet, dette er ein fin tur på sti. Eller du kan gå til Selvågen lengst aust på øya og så gå over Storefjellet for å komme tilbake til sykkelen.
Frå sykkelen oppe i skaret syklar du ned til Indre Reksta og syklar vegen til endes. Når du kjem til endes på asfalten ser du den gamle skulen på Reksta. Den vart bygd i 1922 og var i bruk fram til den nye skulen i Rognaldsvåg stod klar i 1972. No er det bygda som eig bygget og det blir brukt til basarar, juletrefestar m.m. No er den også omgjort til overnatting. Om du har ein lett sykkel kan du nok komme deg vidare på sørsida men det er 500 meter på ulendt sti før du er på Ytre Reksta. Det beste er å sykle tilbake samme vegen du kom.
Sykle tilbake til det andre krysset. Krysset er ikkje merka, men vegen går til venstre over skaret til Ytre Reksta. Ta gjerne fleire stopp og nyt naturen kring deg. Her er det også mogleg å ta ein topptur til Vasslifjellet om du ynskjer noko meir enn sykling. Her har du to alternativ: du kan sykle tilbake der du kom ifrå eller du kan prøve deg på stien som går ut til Rognaldsvåg. Her er det litt meir framkommelig enn på Indre Reksta, men du kan ikkje sykle heile vegen. Viss du tek med deg sykkelen på stien kjem du rett i Rognaldsvågen. Når du kjem ned til bebyggelsen anbefalar vi deg å sykle over brua ut på Rognsøya, mange flotte gamle sjøbuer og gamle hus. Ut til Korsneset på andre sida av vågen er også ein fin tur.
På veg tilbake til butikken/kaia syklar du forbi eit langt kvitt hus. Her var det landhandel i 100 år frå 1883 fram til det vart bygd butikk på kaia. No er hoveddelen pussa opp. Rognaldsvåg var den største tettstaden i distriktet med 150 personar kring 1860 då Florø vart by. Sildefisket var stort på den tida og det var ikkje unormalt at det kunne være over 3000 menneske på øya i dei månadane sildefisket stod på.
Er du enno ikkje sliten og har tid igjen før båten går kan du ta deg ein tur på Harefjellet. Flott utsikt over Rognaldsvåg og Kinn. Butikken på kaia har no fått dusj og toalett i underetasjen, spør på butikken.
Butikken på kaia er øya sitt møtepunkt og det er ikkje uvanleg at kaffikanna står klar!
Last updated: 09/11/2023
Source: Visit FjordKysten
Sykkeltur på Reksta