Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Sykkeltur. Rundtur til Ryvarden kulturfyr (25 km)

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Beskrivelse
Vanskegrad: Middels
Lengde: 25 km
Underlag: Asfalt og grusveg

Start ved Sveio golfpark. Sykle gjennom sentrum og ta av opp bakken mot høgre nokre hundre meter etter kyrkja. Ta til høgre på Tjernagelvegen og følg vegen ca 3 km til skilt til Eltravåg (obs! Dette stykket er det stadvis smal og svingete veg med ein del tungtrafikk). Ta til venstre mot Eltravåg og følg Skiftestadvegen ca 3,5 km fram til Rv 541 Gullvegen. Ta mot venstre i krysset.
Ved Lyngholmsvegen kan ein ta ein kort avstikkar til minnestøtta over DS ”Thor”s forlis i 1906. Turen går forbi Vandaskog og Mølstre, i Mølstrevåg tar du til høgre og følgjer skiltinga til Ryvarden. Dei siste 2,5 km ut til fyret går på grusveg i kupert terreng gjennom ope kystlandskap.

På Ryvarden er det ope galleri og kafe søndagar og helligdagar. Utvida opningstider i sommarsesongen. Sjå www.ryvarden.no for meir info.

Turen tilbake til Sveio sentrum går på lite trafikert veg over Paddevegen. Sving tilbake mot venstre i Mølstrekrossen, og ta av inn på grusveg mot høgre ved gammalt gardstun. Når du kjem ut på Tjernagelvegen igjen, ta til høgre og etter omlag 200 meter til venstre inn mot sentrum og tilbake til utgangspunktet.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 32' 37" N / 5° 20' 49" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad