Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

VÆRLANDET

Sykkeltur Værlandet og Bulandet

Sykkeltur Værlandet og Bulandet

Vegen mellom Værlandet og Bulandet er ein populær sykkeltur. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav.

Vegen mellom Værlandet og Bulandet er ein populær sykkeltur. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav. Til Værlandet kjem du med ferje frå Askvoll. Ferjeturen tek 1 time, med fin utsikt til Alden, Atløy og havet i vest.

Lengde: 10,8 km, frå ferjekaia på Værlandet til kaia i Bulandet.

Sykkeltutleige: Værlandet Handel, tlf. 57 73 01 20.

Værlandet Gjestehamn, tlf. 57 73 11 28.                                

Joker Bulandet, tlf. 57 73 21 44.


Ferje frå Askvoll: 09.15 og 11.45 (mandag-fredag). 11.00 (laurdag, sundag). For heile ruta sjå www.fjord1.no .

Båtskyss til Solund: Måndag til fredag på sommaren kan du bli med på øyhopping frå Nikøy kai i Bulandet til Hardbakke i Solund kvar dag kl.15.30. Ankomst Hardbakke 17.15.

Verdt å få med seg:           

-      Legg turen innom Værlandet Gjestehamn. Her kan du besøke Norsk Sjøfuglsenter, og ta deg ein matbit på kroa.

-       Havsafari frå Værlandet.

-       Topptur til Alden. Båtskyss tingast hos MB Setara, tlf. 90 64 42 57.

-       Nordsjøløypa og Klettane på Værlandet.

-       Bulandet Temapark.

-       Halsøyhågen, utsiktspunkt i Bulandet.

-       Skulptur på Hillersøyhågen i Bulandet.

-       Havsalaten kjøkken & bar på Nikøy kai i Bulandet.

 

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Sykkeltur Værlandet og Bulandet

Sider du nylig har besøkt