Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sykkylven

TripAdvisor rating of 5

1

Naturmuseet

Naturmuseet i Sykkylven viser korleis plantar, dyr og fuglar skaper ein fantastisk mosaikk i det storslåtte naturlandskapet vårt, der alle brikkene til saman utgjer ein heilskap.

Sykkylven Naturmuseum viser i utstillinga MOSAIKK mangfaldet i natur, dyre- og fugleliv i dei kystnære fjordane på Sunnmøre. MOSAIKK spenner vidt i tid og fortel historier om plantar, dyr og fuglar. Her er dramatiske hendingar i kanten av innlandsisen, fuglar som badar og vadar, listige jegerar og flittige samlarar.

Utstillinga tek deg med til landet som kom fram etter istida, gjennom livsviktige våtmarksområde og til artsrike skogar. Du får sjå korleis vi menneske til alle tider har påverka naturen vi lever i og er avhengige av.

Ope kvar onsdag kl. 12-16.
Elles ope etter avtale gjennom året. Ta kontakt.

Last updated: 03/26/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Naturmuseet

Sider du nylig har besøkt