Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Valldal

Sylte kyrkje

  • +47 70257152
  •  /  km From You
Overview

Sylte kyrkje i Valldal vart bygd i 1863 og er ei langkyrkje med heile 600 sitjeplassar. Arkitekt var Nils Andersen Liaaen, Ålesund, og byggmeister var Gjert Lien, Nordfjordeid.

Kyrkja har stor likskap med Sunnylven kyrkje frå 1859. Det vart lagt ned mykje dugnadsarbeid, bygdefolket var ivrig etter å få eit nytt og fint gudshus på denne sida av fjorden. Vindauga er store og mange, og heile kyrkja ber preg av byggjestilen i denne perioden, då det skulle vere lyst, romsleg og venleg. I koret er det fire glasmålarstykke med kjende motiv frå Jesu liv. Desse er komne til som gåve til kyrkja i samband med 100-års jubileet. Innvendig er kyrkja dekorert med lette og lyse fargar. Interiøret er elles enkelt og stilreint. Altartavla er ein kopi av Gustav Dorés Jesus i Getsemane, og er måla av Peder Cappelen Thurmann. I Sylte kyrkje finst det lite av inventar som har alder eller stikk seg særleg frå det ein vanlegvis ser i kyrkjene frå denne tida. Det kan synast som om ein hadde lite sans for å ta vare på det gamle; korkje preikestol, døypefont eller kyrkjesølv frå dei tidlegare kyrkjene i Valldal er tekne vare på. Men eit forvitneleg minne finst likevel. I samband med at Døving-kapellet vart rive og flytta til Sylte, vart det eldgamle altarbordet av stein lite verdsett. I lang tid vart det nytta som trappehelle! Men ved 100-års jubileet av Sylte kyrkje fann ein på å etterlyse steinplata, og det gamle altarbordet med innhogd oblatgøymsle har no fått sin plass i kyrkja og står til venstre for koroppgangen. (Kjelde: Norddal kommune).

Ope: alle dagar 15/6-15/8 kl. 10-16.


  • Last Updated:
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 17' 57" N / 7° 15' 45" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad