Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Vik

Sylvringen - ein guida oppleving i Vik

  • +47 57696550
  •  /  km From You
Overview

Bli med på ein fantastisk rundtur i Vik!

Opplev ein fantastisk og minnerik kulturell rundtur med guide i Vik.
Bli med på ei historisk reise i eit utruleg vakkert landskap i hjarta av Sogn mellom nokon av dei vakreste kulturminna me har å by på. Her finn du alt på eit fat. Stavkyrkje, steinkyrkje og lokale delikatesser som Gamalost. 

Booking: booking@blixhotell.no

 

Meir om turen
På dagsturen tek våre hyggelege og kunnskapsrike gaidar deg med på ei historisk og kulturell reise som inneheld blant anna Fridtjovstatuen på Vangsnes, Hopperstad Stavkyrkje og Hove Steinkyrkje frå 1100 talet.

Du får ein vakker vandretur langs deler av gangvegsystemet som bind fleire av attraksjonane saman og som også har fått namnet Sylvringen, oppkalla etter ein staseleg ring som vart funnen i ein av gravhaugane i Vik, dessutan Refsdal gamle kraftstasjon frå 1913 som nå er restaurert som kulturminne. Turen går óg innom Blix hotell for ein god, varm lunsj.

På turen rundt Vikøyri får ein prøvesmaka og høve til å kjøpa gamalost som berre vert produsert i Vik, og ein tek turen innom Fjordsylv der ein kan sikra seg eit eksemplar av Sylvringen og dermed også få sertifikat på å vera sann VIKing.  


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad