Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Marifjøra

Tørvis Hotell

  • Marifjøra, Luster
  • +47 57683500
  •  /  km From You
Overview

Tørvis Hotell har røter attende til 1639 i det som var eit handelssentrum i regionen - Marifjøra. Resepsjonshuset er frå om lag 1750 og tek i mot deg med sitt kraftig trepanel når du kjem inn døra. Lengre inne i hotellet har me restauranten vår, der me dyrkar dei enkle, gode smakane i dei flotte råvarene som Sogn har å by på.

Hotellet ligg ved Lustrafjorden, som skil seg ut med grønfargen sin - farga av breen. Fjord Seal kan ta deg med ut på fjorden i kayak frå naustet deira som ligg 500 meter frå hotellet.

Rett bak hotellet stig Molden opp: frå toppen får du eit fullstendig oversyn Lustrafjorden i alle retningar og fjella som stig opp rundt. Viss du vil utfordre deg sjølv, kan du gå frå fjord til fjell og ta fatt på dei 1116 høgdemeterane rett utanfor Tørvis. Du kan også bruke stien på den andre sida av fjellet – då køyrer du halvveges av kilometerane og høgdemeterane og får same utsyn med mindre slit.

Ein av dagane hjå oss kan gjerne brukast til ein tur til Jostedalen som du når med ein halvtimes biltur. Her finst mange ulike tilbod: eit variert tilbod av brevandringar, kayakturar, juving og rafting. For kultur- og historieinteresserte er ei rundreise rundt fjorden med mellom anna eit stopp ved den eldste stavkyrkja i Noreg Urnes, eit godt alternativ.

I april 2013 tok me, tre søsken, over drifta av hotellet som på 1900-talet vart driven av våre oldeforeldre. Historien til hotellet er såleis vår historie og me tykkjer det er veldig kjekt om du på kvelden vil høyre på oss fortelje denne. Me er opptekne av god mat og god vin og me håpar spesielt at du vil smake på nokre lokale produkt medan du er hjå oss, mellom anna er det mykje å smake på som blir laga av frukta og bæra som veks i området.

Rett over vegen for hotellet ligg eit kvitt bygg med utskjeringar over vindauga som mellom anna har historie som smørlager og kolonial og som no huser Kafé Marifjøra. Kaféen er innreia med småbord og har historiske detaljar frå nærmiljøet. Her kan både hotellet sine gjester og dei lokale nyta ein matbit eller ein kopp nytrakta kaffi.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 22' 55" N / 7° 18' 12" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad