Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Tandem elvepadling med guide

  • Bømoen, Voss
  • +47 90150859
  •  /  km From You
Overview
Details

Tandempadling er den heftigaste opplevinga du kan få i elvene på Voss. Turen krever ingen tidlegare erfaring med elv. Med ein erfaren guide i baksetet og deg i framsete, tek me deg ned dei heftige elvene som Voss er kjend for.

Kayak Voss er den leiande elvekajakkskulen i Noreg og tilbyr padlekurs, guiding, utleige og tandemturar. Våre mest populære turar er to dagars grunnkurs, introkurs og heildagstur i tandemkajakk.

Tandempadling er den heftigaste opplevinga du kan få i elvene på Voss. Turen krever ingen tidlegare erfaring med elv. Med ein erfaren guide i baksetet og deg i framsete, tek me deg ned dei heftige elvene som Voss er kjend for. Turen startar med trening i roleg straum, før me startar turen ned dei mektige juva i Raundalen eller store stryka i Strandaelva.


Gjennomføring


Møt opp på «Kajakkbua» i Bømoen, eller avtal henting med Kayak Voss. Turane varer frå 4 – 8 timer per dag, og avsluttast ved «Kajakkbua» eller med avlevering der du bur. Alle turar inkluderer utstyr og klede som trengs for å padle elv, men me ber deg ta med eige ullundertøy og joggesko. Heildagsopplegga inkluderer grilling med fantastiske produkt frå Vossakjøt, og alle turar kan fotograferast utan ekstra kostnader.


Krav


Du må kunne symje og vere upåverka av rusmiddel. Personar under 18 treng underskrift frå føresette.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guiding
  • Kajakkpadling
Kano og kajakk
  • Kajakkpadling

Facts

Duration
1-4 hours
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 38' 6" N / 6° 30' 23" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad