Runde

Tangsafari på Runde

Bestill
  • På leiting etter tang og tare i fjøresteinane.
  • Flotte eksemplar av tarene i havet.
  • Interessant med tang og tare for både store og små.
  • Bli med på tangsafari på Runde.
  • Ein finn mykje tang i fjøra på Sunnmøre.
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 70080800

  • Rundavegen 237

    Herøy (møre og romsdal), Møre og Romsdal

    Vis i kart

Har du nokon gang lurt på korleis ein kan nytte tang og tare til matlaging? Viss du er nysgjerrig på kva disse rare vekstane er og kva dei kan bli brukt til er dette turen for deg.

Smak på tang og tare

Tanga duvar i vassoverflata, den brer seg utover i fjøra og er ikkje særleg appetitteleg, men har du nokon gang smakt på tang og tare? Viss du tør å ta hoppet, kan du dykke inn i ein fantastisk verd av god mat. Vår dyktige naturrettleiar tek deg med på ein reise inn i verda som ligg mellom havet og land, her bognar det av matressursar.

Opplev fjøresona på ein ny måte

Etter eit kort møte på Runde miljøsenter tek naturrettleiaren dykk med ned til sjøen, med auga retta mot vatnet smaker vi på dei beste råvarene du kan finne i fjøresona. Turen går i og ved sjøen, i ulent terreng. Vi smakar på rå tang, steiker andre og kanskje du får smake på andre spesielle delikatesser?

Inkludert

Guida tur med naturrettleiar

Guding på Norsk og Engelsk

  • Guidede turer

Kilde: Ålesund & Sunnmøre