Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details

Tettstaden Tau, 10 km frå Jørpeland, utgjer eit knutepunkt i Strand, med ferja til Stavanger, hurtigbåt til fleire plassar samt Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 13) og andre vegar som fører vidare innover i Ryfylke. Sentrum, som ligg innanfor gangavstand til kaia, er under sterk utvikling og har hotell, restaurant og pub, bensinstasjon, butikkar, spisestader, bank og stor småbåthamn. Badestranda Strandastøa ligg rett sør for Tau.

Plassen har djupe historiske røter gjennom sannsynlege funn frå kongsgarden til Eirik Blodøks. Dei raudmala gamle kvernhusa ligg lett tilgjengeleg ved det litle vassfallet får Krossvatnet og fortel om mølledrift i Tou Mølle allereie frå 1855. Dette markerer starten på storindustrien i Strand. Dei meir moderne kvite kornsiloane er godt synlege frå Stavanger og fjorden. Mølleparken i engelsk landskapsstil ligg rundt den vakre direktørbustaden, og har kafé, loppemarked og kunstutstilling kvar sundag i sommersesongen.

Kultursti mellom større fornminne i området er verdt å rusla på. Gamle Strand kyrkje ligg vakkert til eit par km frå Tau sentrum i tilknytning til kulturstien.

Rett aust for Tau ligg Bjørheimsbygd med fleire tilbod for reisande, m.a. sommerhotell, hytter og leiligheter, servering, hestesenter og utsal av glaskunst.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Årstid
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
  • Natursti

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Strand, Norway
The latitude and longitude
59° 3' 46" N / 5° 54' 51" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad