
Teigen Tun er eit lite gardsbruk med sjel, ein unik overnattingsstad på solsida av Skjåk. Her bur du i restaurerte bygningar frå 1800-talet, omgjeve av storslått natur og roleg atmosfære.
Kufjøset. Sauefjøset. Stallen. Det er namna på dei tre utleigeeiningane til Amund Teigen på småbruket Teigen i Reppen i Skjåk solside. Kva med å sove i eit renovert fjos frå 1800-talet - krinsa av dei vakre nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen? Teigen Tun tilbyr ei naturtro oppleving kor du kan slappe av i historiske gardsbygnader - og vakne opp i villmarka, nær dei høgaste fjella Norge, fleire vakre isbrear og innsjøer. På Teigen Tun kan du nyte det fredelege og idylliske landskapet i Skjåk og utforske det rike dyrelivet og den vakre norske naturen frå dørhella. Om du ynskjer deg på skogstur, fjelltur, fisketur, topptur, brevandring eller bade i eit friskt fjellvatn, har du alle moglegheitene kring deg. Det er fem bygninger på gården som er frå 1800- talet. Sauefjøset: Renovert for utleige i 2023. Det er to dobbeltsenger (150cm) - ei nede og ei oppe på hemsen. Kufjøset: Renovert kufjøs frå 1800-tallet. - Passar for alle (familie, par, etc) - Velutstyrt kjøkken og bad - Peis - Wifi Takhøgda er låg i delar av bygget, slik det har vore i si opphavelege form. Stallen: Kva med å ta med overnatte i ein stall - anten det er med familien på tur, ein gjeng vennar som skal gå toppturar, fiske eller gå i fjellet. Skjåk er eit perfekt utgangspunkt for varierte aktivitetar året rundt. I stallen er det to soverom, to enkeltsengar på det eine og ei 1,50 seng på det andre rommet. Sovesofa med plass til ein person i stova. På tunet er det i alt 15 soveplassar, fordelt på 7 i stallen, 4 i kufjøset og 4 i sauefjøset.
Kilde: Visit Jotunheimen AS