Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Skjåk

Teigen tun

Bestill
Teigen tun

Teigen Tun er eit lite gardsbruk med sjel, ein unik overnattingsstad på solsida av Skjåk. Her bur du i restaurerte bygningar frå 1800-talet, omgjeve av storslått natur og roleg atmosfære.

Kufjøset. Sauefjøset. Stallen. Det er namna på dei tre utleigeeiningane til Amund Teigen på småbruket Teigen i Reppen i Skjåk solside. Kva med å sove i eit renovert fjos frå 1800-talet - krinsa av dei vakre nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen?

Teigen Tun tilbyr ei naturtro oppleving kor du kan slappe av i historiske gardsbygnader - og vakne opp i villmarka, nær dei høgaste fjella Norge, fleire vakre isbrear og innsjøer.

På Teigen Tun kan du nyte det fredelege og idylliske landskapet i Skjåk og utforske det rike dyrelivet og den vakre norske naturen frå dørhella. Om du ynskjer deg på skogstur, fjelltur, fisketur, topptur, brevandring eller bade i eit friskt fjellvatn, har du alle moglegheitene kring deg.

Det er fem bygninger på gården som er frå 1800- talet.

Sauefjøset: Renovert for utleige i 2023. Det er to dobbeltsenger (150cm) - ei nede og ei oppe på hemsen.

Kufjøset: Renovert kufjøs frå 1800-tallet.
- Passar for alle (familie, par, etc)
- Velutstyrt kjøkken og bad
- Peis
- Wifi

Takhøgda er låg i delar av bygget, slik det har vore i si opphavelege form.

Stallen: Kva med å ta med overnatte i ein stall - anten det er med familien på tur, ein gjeng vennar som skal gå toppturar, fiske eller gå i fjellet. Skjåk er eit perfekt utgangspunkt for varierte aktivitetar året rundt. I stallen er det to soverom, to enkeltsengar på det eine og ei 1,50 seng på det andre rommet. Sovesofa med plass til ein person i stova.

På tunet er det i alt 15 soveplassar, fordelt på 7 i stallen, 4 i kufjøset og 4 i sauefjøset.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Teigen tun

Bestill

Sider du nylig har besøkt