Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

Telemarkskanalen vart hoggen inn i fjellet for godt over 100 år sidan. Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
500 mann hadde då arbeid i fem år med å sprenge seg veg gjennom fjellet. Mykje av den fyrste trafikken var knytt til brynesteintransporten frå brota i Eidsborg i vestre ende av kanalen. I dag er Telemarkskanalen ein stor turistattraksjon og dei gamle rutebåtane tek deg attende i tid i eit variert landskap.
Telemarkskanalen blei fullført i 1892 og har 18 sluser som lyfter dei sjøfarande frå 0 til 72 m.o.h. på den 105 km lange strekninga frå Skien til Dalen og fjordlandskapet. Nyt denne reisa frå dekk på ein av dei gamle rutebåtane MS Victoria eller den flotte, nyrestaurerte MS Henrik Ibsen!
I dag er Telemarkskanalen ein stor turistattraksjon og dei gamle rutebåtane tek deg attende i tid i eit variert landskap.

Telemarksvassdraget, som renn frå foten av Hardangervidda og ut til kysten ved Skien, har alltid vore ein av dei viktigaste ferdsels- og transportvegane for dei som har levd i området. Brynesteinen frå Eidsborg er eit særmerkt produkt som fann vegen ut i den store verda gjennom telemarksvassdraget. Frå minst tusen år tilbake gjekk det lass på lass med stein ned berget her til Lastein, der ein la steinen i la, for så å lesse over i pråmar, flåtar eller kjelkar og føre den nedover vassdraget. Men vassvegen hang lenge ikkje saman i ein spegel, og forbi stryk og fossar måtte varene bli lessa over på hesteryggen eller sledar. Etappene var mange før ein kom fram til handelsstaden ved havet.

På 1600-talet fekk tømmeret stadig større verdi, og ein måtte stadig lengre inn i landet for å finne virke til skipsbyggjing i England og pålar i Holland. Slik vart tømmerhogsten og fløtinga ein viktig del av næringsgrunnlaget, så langt inn vassdraga gav veg.
 Landbruksprodukt som smør, kjøt, og skinn og huder fann same vegen, og motsett kom kjøpevarer frå byen, nyhende og impulsar.
 Frå dei mange bondegruvene og større gruveverksemdene som på Åmdals Verk og Gulnes, var det òg malm og mineral som skulle førast ut, og den naturlege vegen var vassvegen.   

Bandak – Nordsjøkanalen blei tekje i bruk i 1892, og portar og luker blir framleis bruka på same måte som når den blei bygt. Dette gjorde at tømmerslusing krevde eit stor mannskap, noko som gjorde at slusinga etter kvart vart for kostbart. Det jobba til tider 21 mann med sjølve slusinga.

Det spesielle med fløtninga i Bandakvassdraget var at ein fløta buntar av tømmer og ikkje laustømmer slik som i ein del andre vassdrag. Dette var på den tid veldig rasjonelt. Eit slep etter slepebåten Axel var på 200-250 buntar og om lag borti 5.000 m³.

I 1980 vart fløtninga i Bandak- Nordsjøkanalen gjennom slusene slutt. Tømmeret vart fløta frå Dalen til strengen og køyrd vidare med bil til Skien og Kragerø. I desse tider var det tansportert om lag 60-70.000 m³ tømmer i vassdraget. Etter kvart gjekk dette kraftig ned.

Tømmertransporten har tidlegare vore kanalen sin viktigaste brukar og inntektskjelde i tillegg til båttrafikken. No er det slutt på fløtninga. Siste slepet gjekk ut Bandak sommaren 2004.

Rutetider og prisar


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Click to activate
Tokke, Norway
The latitude and longitude
59° 26' 37" N / 8° 1' 34" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad