Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Jølster

Thon Hotel Jølster

  • +47 57 72 78 00
  •  /  km From You
Overview

Thon Hotel Jølster ligg i naturskjøne omgjevnader ved nordsida av Jølstravatnet - midt mellom Sognefjorden og Nordfjorden. Hotellet ligg såleis svært vakkert og sentralt til i Fjord-Norge, halvvegs mellom Bergen og Ålesund, og med kort veg til spetakulære og kjende turistattraksjonar.

Heilt sidan starten i 1889 har personleg atmosfære, komfort, kvalitet og trivsel vore varemerke ved hotellet. Thon Hotel Jølster er i dag eitt av dei leiande turist- og kurs-/konferansehotella i Sogn og Fjordane fylke.

På hotellet skal du bu godt. Samtlege 129 gjesterom har høg standard og er utstyrte for å møte moderne krav og forventningar til standard og komfort. Ein del av romma har også private balkongar med utsikt utover Jølstravatnet sørvestover eller mot dalen nordaustover, medan andre rom er spesielt innreia eller tilrettelagde for å møte ulike behov blant våre mange ulike gjester. Samtlege rom har TV med ei rekke satelitt-kanalar, radio og telefon.

Vi ynskjer hjarteleg velkommen til eit hyggeleg og minnerikt opphald hos oss.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad