Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Til topps i Sund

  • +47 56320200
  •  /  km From You
Overview

Turskildring Stranda skule - Klokkarvik.

Veten er høgaste punktet i Sund med sine 284 moh. Frå 1.søndag i advent til 20.dag jul skin lysa frå toppen og gler alle folk i  bygdene rundt. Frå gamalt gjekk det stiar frå alle desse bygdene til kyrkja på Sundet (Klokkarvik). Mange av stiane kan du følgja den dag i dag. Ein av dei mest brukte går mellom Stranda skule og Førde. Den er merka som Nordsjøløype, men svingar utanom toppen. I den nye tilrettelegginga, merkinga og graderinga skal stien gå over Veten.

Du kan parkera bilen ved Stranda skule (like ved Sparbutikken på Forland og eit par km nordaust frå Panorama konferansehotell). Stien går over knausar, bekkefar og gjennom skogen før den stig bratt opp mot Strandafjellet.. Ved å gå over Rindane kjem du til "Fadraborde".  Det er ei stor steinhelle på ein grasvoll. Soga seier at fadrane bytte på dåpsbarnet her. Namnet kan nok også stamma frå ferd, eit  bord du kunne setja ferdaskrinet, ein plass der ein kunne  kvila og eta maten frå nistetina. I alle høve er det ein fin stad å ta ein rast. Det er plassert ei turbok her.

Frå "Fadraborde" går stien til topps. Her har du utsikt heile vegen rundt i godt ver. Dei klarsynte påstår å skimta Shetland vest i havet. Det er turbok på Veten også, der vandrarar kappast om å få flest turar i løpet av eitt år.

Etter å ha beundra utsikten kan du gå skrått nedover og koma inn på Nordsjøløypa frå Nyatrævatnet. Her går løypa vidare til nordsida av Førdesvatnet og ned til Førdesdalen. Mange avsluttar eller startar turen på Førde, men om du går vidare kjem du forbi eit fint tun med steinbygningar og ut i skogsterreng til Børnesvatnet. Like før du kjem til Sund kyrkje som heiter Skautakleiva. Der bytte kvinnene til kyrkjeklede og tok på seg sitt finaste skaut.

Turen tar om lag 3 timar, lengda er 7 km og høgaste toppen er 284moh.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Sund, Norway
The latitude and longitude
60° 12' 38" N / 5° 6' 37" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad