Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
SÆBØVIK

Toftøy feriehus på Halsnøy

Toftøy feriehus på Halsnøy

Koselig hytte med unik lokasjon på Toftøya ved Halsnøy. Perfekt stad for dei som søker fred og ro, men likevel nærleik til "sivilisasjonen".

Fjord Ferie Feriehus - Halsnøy

Koselig hytte med unik lokasjon.

Hytta ligg ganske usjenert til på øya Toftøya ved Toftevågen - på Halsnøy. Utsikt mot Toftevåg og Halsnøy.

Parkering i hamna i Toftevåg. Ved ankomst bistår utleigar med båttransport ut til hytta.

Inklusiv i hytteleiga er forøvrig ein trygg og god båt, slik at du sjølv nyttar den over sundet til og frå Halsnøy. Ekstrabåt med 50 hk kan også leigast. Flytebrygge og stor kai med lagerrom ved hytta.

Det er to soverom med til saman 5 sengeplassar i hovudetasjen. I tillegg er det to hemsar, begge med dobbeltseng og ekstramadrass. OBS! Opp til hemsane er det ein bratt stige og lav dør-takhøgde, slik at hemsane passer eigentleg kun for born.

12 mål stor tomt, strandlinje og privat kai. Sti over øya til koseleg badeplass. Grønne bakkar og skog med blåbær og tyttebær i sesongen. Koseleg overbygd uteplass med hagemøblar og grill.

Terrassar på fleire plan og på kai.

Kilde: Region Sunnhordland

Toftøy feriehus på Halsnøy

Sider du nylig har besøkt