




Tonstad Bakeri AS er eit handverksbakeri midt i Tonstad sentrum i Sirdal kommune. Her har me bakeri der me produserer varene våre; det meste på den gammeldagse måten for hand. Me har òg butikkavdeling med utsal og ei koseleg kaffistove. Ute har me sommarstid ei eigen is-bu og fleire sitjeplassar. Tilsaman finn du over 100 sitjeplassar i høgsesongen.
Me er eit sertifisert handverksbakeri som har vore på Tonstad sidan 1936. Me lagar brød, bollar, kavring, kaker, småkaker og lunsjmat. I tillegg har me god kaffi og kalde drikker. Interiør- og gåveavdeling finn du òg. Hos oss får du tradisjonell gjær- og mørdeigsbakst med oppskrift frå byrjinga av 1900-talet, baka av utdanna bakarar og konditorar i vår eigen produksjon. Du får deilige ferske brød kvar morgon frå kl.07.00 og utover, i mange varianter.
Glutenfrie varer har me alltid på frys frå Elda Bakeri, for å tilby trygge og gode varer til dei som har intoleranse eller allergi.
Følg oss på Instagram og Facebook for å få daglege oppdateringer, tilbod eller informasjon om sesongbaserte varer.
Me har god parkeringsplass + parkeringskjeller.
Hjarteleg velkomen!
Kilde: Lister Reiseliv